onsdag 27. mai 2009

Vårdom

Det er berre ti dagar att!

No er den så nær at eg kan lukte den! Sumaren, altso.

Eg gler meg slik til å ikkje måtte tenkje på skule, latin, kor, korps eller noko som helst anna enn å ha heilt fullstendig fri! Eigentleg byrjar fridomen komande tysdag i det sekundet den siste heimeeksamenen er levert, men det vert ikkje full ferie før eg har vore i Oslo med politikoret neste helg (kom og høyr, dei som vil).

MEN SO!!! Byrjar ferien!

Fyrst vert det to veker i åfjorden for å stå i silo og vere rurale. Deretter tek vi så smått turen innom Sandane for å hente bilen til mora og faren, før vi susar vidare til Sarpsborg der vi skal i dåp og vere fadrar til Josefine!! DET gler eg meg til! Etter det vert det ei vekes tid i sverige med familien, og vonaleg deretter ei veke heime på Sandane. Deretter vert det nok ein dåp på Fitjar før eg og Martin HASTAR vidare til Nederland og Utrecht med NUK i to veker. DERETTER reiser vi direkte med NUK til Trondheim for å ha konsert i Nidarosdomen. Så kjem Olavsfestdagane der vi skal synge med Nidaros domkor, samstundes som familien min kjem til Trondheim for å hjelpe oss med leiligheita. Deretter skal vi synge i bryllaupet til Kristine og Gunnar, før vi vonaleg kan få ei veke eller to fjellet. Kanskje. I telt, helst.

Så med andre ord HEILT fri, utan å måtte tenkje noko som helst på noko, til dømes ikkje kor...

FERIE, der altså!

tysdag 1. juli 2008

Snappskot (snapshots) frå sumaren so långt:




Nok ein sumar tydar nok ein katt... Sina og Linus, ogsp kjend som insulinusselinus.
Thea Sofie bidreg til freshorama.
Pappa og dei nye elendige tøflane.
På veg til hytta ein sundag ettermiddag. 

København-Erzurum.

I natt draumde eg at eg var Hitler. Det var ganske absurd! Vi var ein gjeng på ein fire-fem mannfolk, derimellom Aasmund Olavsson Vinje og Mussolini. Det var eit festleg lag, og latteren sat laust kring bordet. Eg, Hitler, var sjølvsagt midtpunktet og framsto som ein grei og sympatisk kar. Vi spela zug um zug om Europa. Eg trur kanskje Mussolini leia ei lita stund, for eg var litt sur på han. vi kom ikkje så godt overeins akkurat den dagen. Slik bølga spelet fram og tilbake; i det eine sekundet leia eg, i det neste Mussolini. også Vinje var frampå ved eit par høve, med det store skjegget sitt og hatten. Eg er ikkje sikker på korleis utfallet av spelet vart, for like før vi var ferdige, kom ein uniformert SS-soldat og leidde meg vekk og inn i ein bunker. Eg var visst ved å tape, og det tyktes denne soldaten best at eg gøymde meg i denne bunkeren til det heile var over.

Då eg vakna var eg ikkje Hitler lengre. Takk og lov. Det hadde vore vanskeleg å vekkforklare korleis eg hadde klart å gro ein real Hitlerbart over natta.

måndag 30. juni 2008

Eg har mi eiga svadastemme.

Følgjande må lesast med ei indre Marièl-svadastemme:

Den har nok vore til stades heile livet. Eg har mellombels ikkje vorte merksam på den før no, dette siste året. Det har teke meg ei stund å kome over det faktum at eg har ei svadastemme. Min fyrste reaksjon var naturleg nok vantru og sjokk. Deretter sorg og fornektelse. Til slutt har eg kome til å måtte sjå situasjonen for det den er. Eg har rett og slett kome til å akseptere det faktum at eg, Marièl Eikeset Mundal, har ei eiga personleg svadastemme som heile omverda har vorte utsett for utan min eigen viten og vilje, gjøren og bin laden... Dei følgjende avsnitta kan sjåast på som eit siste ledd på vegen til aksept av situasjonen (Det finst somme av dykk der ute som kanskje vil ha kopla ut allereie etter fyrste setninga, sidan svadastemmeomgrepet vart innført allereie i innleiinga, men eg ber dykk om å freiste å halde tråden, då dette vil vere med å hjelpe meg fram på vegen mot total aksept).

Eg er ikkje heilt sikker på om eg heilt klarer å setje fingeren på akkurat KVA det er som karakteriserar denne svadastemma. Det einaste eg veit er at det er tale om ei stemme som eg tek på meg kvar gong eg skal servere ei større mengd med informasjon og kunnskap; gjerne unyttig i sin eigenart. Svada om du vil. Eg trur eg legg om tonefallet noko. At det liksom vert meir syngande på eit vis, samt at eg tek på meg ei forteljande og oppglødd nerderolle. Eg veit heller ikkje kvifor eg gjer det. Kanskje er eg så usikker på min eigen person at eg vel å skjule meg bak ei påteken stemme? Er eg verkeleg så usikker på min eigen posisjon som nerd og over å vere over gjennomsnittet interessert i trivia og unyttig kunnskap?
For å vere ærleg, trur eg korkje eg sjølv eller nokon eg kjenner vil gå for denne forklaringa. Kanskje er det element av dette svaret som vil medføre riktighet. Kanskje er vi eit lite steg nærare forklaringa på tilstanden, men det er langt ifrå ei fullgod forklaring.
Kan det då vere for å verke meir interessant og intellektuell? Dette er nok eit svar som eg tykkjer ligg mykje nærare løysinga, sjølv om eg framleis tykkjer det manglar ein del på den fulle og heile sanninga. Det er jo riktignok slik at eg til ei viss grad alltid har vore glad i å fremje eigen person og kunnskap, men eg trur ikkje eg kan ha gått så langt som å umedvite ha forma ein fiktiv personlegdom med ei eiga stemme berre for å gjere meg sjølv enno meir interessant. Vonar eg.

Eg trur rett og slett det kjem av at eg kjenner meg rett så vel med denne stemma. Den har nok ganske riktig sitt opphav i at eg kjenner meg meir Marièl Intellektuell med ein gong eg tek på meg svadastemma, samstundes som  stemma sjølvsagt også har ei praktisk forklaring. Det er nemleg praktisk tala umogleg å formidle store mengder unyttig informasjon i eit heilt vanleg tonefall.

Lesaroppgåve: Les denne bloggposten høgt for deg sjølv i eit daglegdags tonefall. Freist deretter å lese den same teksten med eit tilgjort og noko meir oppglødd tonefall, og med eit glimt i auget. Gjerne framfor ein spegel Noter: Kva kjennest mest naturleg? Kva variant vil du kunne stå for ved ei eventuell offentleg framføring av det du nett las for deg sjølv? Dersom du endar opp med å svare versjon nummer to, kan du no smykke deg med å vere eigar av di eiga personlege svadastemme. Gratulerar!

Finst det nokon i heile verda med eit snev av innsikt til eigen person som klarer å stå framfor nokon og lire av seg setning på setning med eigne meiningar, tolkingar fjonge formuleringar, samt ein god del meiningslaust småprat utan å ta på seg ei noko anna stemme enn det dei har til dagleg? Kanskje ha ei ironisk glimt i auget? Eg håpar ikkje det. 

Eg har også mi eiga pedagogstemme...

laurdag 28. juni 2008

Grenselaus moro!

I går vart eg samanlikna med Kristine Koht. Marièl Mundal aka Kristine Koht. Etter at den fyrste tvilen hadde lagt seg tykte eg det var kult. Eg følte meg trendy, hipp og aktuell. Marièl Aktuell.

Eg trur ikkje eg har gjort noko særskild for å verte samanlikna med Kristine Koht. Eg har til dømes ikkje svart bobfrisyre eller er lesbisk. Ikkje reiser eg på besøk til familiar for å observere korleis dei bur, og ikkje har eg show saman med Klaus Joachim Sonstad. Eg er heller ikkje særskild glad i å gå i skjørt. Då eg spurde kvifor dei då valde å samanlikne meg med dene mediepersonlegdomen, begrunna dei denne samanlikninga med at eg alltid vart like oppglødd over ting, nett som Kristine Koht, og heller kanskje ikkje alltid veit kvar grensa går, nett som Kristine Koht. 

Det tykte eg var ei fin begrunning, sjølv om eg vil påstå at akkurat dette siste er feil. I alle fall delvis. Eg veit nemleg godt kvar grensa går, eg berre tek eit aktivt val med å oversjå den, for heller å sikte meg inn etter mine eigne grenser som som oftast går ein annan stad enn det den gjer hjå somme andre. Kanskje må ein til og med driste seg til å leite litt etter kvar grensa går.  Dette vil eg forresten faktisk tru er mykje artigare enn å vere forutinnteken eller fordømmande, slik somme andre er. Dei "somme" som tydelegvis set dei fleste normane og grensene. Dersom ein meinar at det å sprengje grenser er noko av det som karakteriserar Kristine Koht, ja så må det faktisk vere frykteleg arig å sprengje grenser, tenkjer eg! Kristine Koht er i alle fall grenselaust festleg! Så kan desse som vel å vere sneversynte og treige berre ha det så godt. Dei kjem nok ingen veg. Synd for dei. Så kan dei sitje der og døma levande og daude, medan verda kanskje eigentleg hadde hatt best av at ein av og til turde vente litt og sjå om det finst alternativ til reglar og normer som er betre enn dei som fyrst kjem til syne! 

Er eg ein rebell? Marièl Rebell? Nei, det er eg ikkje. Eg vart berre litt oppglødd og sint på alle dumme menneskje her i verda som har så tungt for å forstå at alle er like mykje verd. Kvifor kan vi ikkje berre vere oss sjølve, akseptere andre og vere vener?

I tillegg til å hisse meg opp over mangel på likestilling og aksept i verda, innsåg eg i dag også nett kor godt eg likar grønfargar. Dermed går dette tydeleg fram av bloggen. Eg tykte det var fresht, og so vart eg glad då eg gjekk ut, for då såg eg at alt var grønt og fresht ute også. Og so vart eg i endå betre humør.

fredag 27. juni 2008

"EG ER MIN EIGEN FESTIVAL"-Ein festival.

Dette er ein invitasjon.

Eg har innsett at det er artigare di fleire vi er! Bli din eigen festival du og, og gje meg eit hint om at du vil vere med på denne festivalen gjennom kommentarar på denne posten. Det som då vil skje, er at eg legg ut ein link til din blogg på min blogg, og vi kan vere våre eigne festivalar saman! Skriv om din sumarkvardag. Legg ut bilete. Eg vil i alle fall gjerne lese om kva du har føre i sumar!

Sjå lengre ned på sida og litt til høgre, så kan du sjå resten av deltakarane!




Eg er min eigen festival.

Det er SOMAR!. I alle fall er det den konklusjonen eg dreg når eg ser på kalendaren. Denne syner tydeleg at vi i dag skriv 27.06.2008, og den sjette månaden er som vi veit juni, og denne er som vi alle veit per definisjon ein somarmånad. Sett vekk frå at vi har kalendaren å stø oss til, er det nemleg ikkje mykje som skil denne månaden frå dei fem som allereie har vore. Hittil har det ikkje vore særleg mykje klassisk somarveir å skryte av(for dei av dykk som skulle ha gløymt kva dette er, er det sol og skyfri himmel eg snakkar om når eg her refererar til "klassisk somarveir"). Eg har ved fleire høve observert både regn- og allveirsjakker, samt også støvlar. Ved eit høve også skjerf, hanskar og lue. Sola har for å vere ærleg, lete vente på seg og gjort seg kostbar. Nei det har ikkje vore særleg meir sol enn det veirdama på NRK Sogn og Fjordane ville kategorisert som "ikkje så veldig mykje, berre pittelitt".

Men no når vi heldigvis har kome over denne obligatoriske innleiande småpraten om veiret, er det på tide å avsløre min verkelege agenda med bloggen og årsaka til at eg er attende i dykkar bloggkvardag etter eit fråver på omlag eit år. For dei av dykk som lurer på dette tilsynelatande plutselege fråverande haldninga, kan eg stadfeste det somme av dykk kanskje allereie har ein mistanke om: Ja, dette fråveret kaan skuldast romantiske tilhøve som no har vart omlag like lenge som det er sidan sist eg blogga... Eh. Eg har i alle fall tenkt at eg, i påvente av å verte freista til strandlivets gleder og solsleikjaren sin tilbakelente livsstil, vil nytte denne bloggen til å skrive eit par ord og tankar om opplevingar og erfaringar av ymse storleik i kvardagen. På denne måten vil eg også få dekt trongen til å formidle dei fantastiske og banebrytande opplevingane mine til omverda. Målet er rett å slett å skape ein eigen bloggfestival(Valet av "festival"-ordet er medvite. Sidan eg korkje har tid eller råd til å reise på festival, er eg nøydd til å vere og skape min eigen festival)!! Dette vil enkelt og greit vere ein serie bloggpostar med same tema som strekkjer seg over tid, smidd over same lesten som meir kjende festivalar som t.d. Glopperock og Trøndersk Matfestival. Uansett kor interessant resultatet vil syne seg å vere, vil det om ikkje anna skape ei slag avlasting for familien.

LET THE GAMES BEGIN! (Skjenkeløyve er enno ikkje innvilga, så ver venleg: Syn varsemd og diskresjon når det kjem til nyting av alkohol.)

søndag 24. juni 2007

Den er oppstanden, HALLELUJA!

Og sanneleg halleluja! Etter lengre tids fråhald er eg og bloggen ENDELEG attende! Det heile har sitt utspring i ei lang og noko pinleg historie. Og for dei av dykk der ute som no DØYR etter å finne ut kvifor og korleis anten fordi de berre er genuint opptekne og interesserte i min kvardag eller fordi du er ein av desse personane som likar å rulle seg i andre si ulukke: Her kjem heile den herlege historia presentert i detalj:
Det heile byrja då eg ein vakker aprildag sette meg ned for å skrive på bloggen som vanleg. Mest sannsynleg hadde eg ein finurleg tanke som berre måtte festast til papiret. Men i det eg legg fingrane på tastaturet kjem erkjennelsen raskt og brutalt snikande. I eit tilfelle av akutt dement har eg prestert å klart å gløyme både brukarnamn og passord på sida. Dette plar normalt sett ikkje vere eit problem, sidan eg er vel vitande om risikoen for nettopp dette, og i dei fleste tilfella har automatisk pålogging for dei fleste applikasjonar. Men ikkje denne eine, kritiske og avgjerande gongen! Sidan sist eg var innom hadde nemleg heile systemet vore under oppussing, noko som resulterte i at den automatiske pålogginga hadde takka for seg, og eg vart sitjande att med berre mitt eige intellekt og logiske resonement å lite på. Som de forstår kan jo dette aldri gå bra... så det heile resulterte i eit nesten tre månadar langt sølibat med gjentekne frustrasjonar og møte med veggen, før det endeleg gjekk opp for meg at det einaste eg ikkje hadde freista var å skrive inn det brukanamnet og det passordet eg plar ha på SAMTLEGE andre ting...

Som de ser, har dette vore eit fruktbart forsøk...

måndag 2. april 2007

Ymse

No er eg endeleg heime i godkommunen Gloppen att. Det var deileg å kome over fylkesgrensa og endeleg sjå nokre skapelege fjell, som i det eg reiste forbi, var bada i sollys, i høveleg påskeidyll.
I skrivande stund er eg på jobb på Nordfjord Folkemuseum og freistar å skrape til meg ei krone eller to. For sidan eg ikkje eig økonomisk sans anna enn når eg ikkje har pengar, er eg nøydd til å arbeide også på heilagdagane for å få økonomien til å rette seg. Det er diverre ikkje så mykje spanande å ta seg til på eit museum etter vanleg arbeidstid... Eg trur planen er at det skal vere ope for dei som ynskjer å ta turen innom for å sjå på utstillingane (det er til og med gratis) når dei for ein gongs skuld har fri, men det syner seg at den jamne gløppar kanskje tykkjer det er meir freistande å liggje heime på sofaen eller reise på fjella når dei har fri. Den akutte publikumsmangelen leiar i alle fall til at eg har timebetaling for å sitje og skrive ein blogg og absolutt ingenting. Det leiar også til at eg har betalt for å lese avisa, gjere satslæreoppgåver, steikje vafler (som eigentleg skal vere til dei vitjande, men som eg, sidan det ikkje er nokon vitjande her, lyte ta på meg ansvaret for å ete opp), og for å sitje på facebook. Dessutan har eg spela munnharpe og piano opptil fleire gongar. Eg er nemleg ikkje berre utan vitjande, men eg er også utan medarbeidarar, sidan det strengt teke er lenge sidan den normale tilsette gjekk heim og sette seg ved middagsbordet. Menmen. Det er gøtt eg er flink til å finne underhaldning i eige selskap!

Hadde eg vore riktig frampå hadde eg kanskje teke med meg ei skulebok som eg kunne lest litt i. Men i mangelen av frampånad får eg klare meg utan, og heller foreta eit djupdykk i museumsbiblioteket. Der er det både ein og annan godbete, og i går nytta eg tida til å setje meg gøtt inn i den norske bunadstradisjonen, samt også å lese meg opp på jarnalderen i Noreg, eit emne som det visstnok er skrive lite om tidlegare. Eg har med andre ord vore tverrfagleg og røyvd meg inn i ukjende fagkretsar. Og det beste er at eg har timebetaling... Dette er i det heile eit unikt høve til å få betalt for ting som eg alltid har hatt lyst til å få betaling føre. Eg kan til dømes:
Få betaling for å syngje. (x)
For å danse. (x)
Slå hjul (x)
Drikke kaffi (x)
Kopiere handa mi (x)
Spele piano (x)
Spele munnharpe (x)
Lese om interessante ting/studere (x)
Sjå ut glaset (x )
Sjå kor lengje eg klarar å halde pusten (x)
Skrive blogg (x)
Ete sjokolade og vaflar (x)

Det meste i grunnen.
No trur eg at eg tek meg ei vafle til.