onsdag 27. mai 2009

Det er berre ti dagar att!

No er den så nær at eg kan lukte den! Sumaren, altso.

Eg gler meg slik til å ikkje måtte tenkje på skule, latin, kor, korps eller noko som helst anna enn å ha heilt fullstendig fri! Eigentleg byrjar fridomen komande tysdag i det sekundet den siste heimeeksamenen er levert, men det vert ikkje full ferie før eg har vore i Oslo med politikoret neste helg (kom og høyr, dei som vil).

MEN SO!!! Byrjar ferien!

Fyrst vert det to veker i åfjorden for å stå i silo og vere rurale. Deretter tek vi så smått turen innom Sandane for å hente bilen til mora og faren, før vi susar vidare til Sarpsborg der vi skal i dåp og vere fadrar til Josefine!! DET gler eg meg til! Etter det vert det ei vekes tid i sverige med familien, og vonaleg deretter ei veke heime på Sandane. Deretter vert det nok ein dåp på Fitjar før eg og Martin HASTAR vidare til Nederland og Utrecht med NUK i to veker. DERETTER reiser vi direkte med NUK til Trondheim for å ha konsert i Nidarosdomen. Så kjem Olavsfestdagane der vi skal synge med Nidaros domkor, samstundes som familien min kjem til Trondheim for å hjelpe oss med leiligheita. Deretter skal vi synge i bryllaupet til Kristine og Gunnar, før vi vonaleg kan få ei veke eller to fjellet. Kanskje. I telt, helst.

Så med andre ord HEILT fri, utan å måtte tenkje noko som helst på noko, til dømes ikkje kor...

FERIE, der altså!

1 kommentar:

Steffen sa...

Bloggen er oppstanden for andre gong? Ikkje dårleg! Vonaleg vert det dokumentert i rikt monn frå sommaren. Stikk gjerne innom min for å få meg deg dei siste raljeringane.