måndag 30. juni 2008

Eg har mi eiga svadastemme.

Følgjande må lesast med ei indre Marièl-svadastemme:

Den har nok vore til stades heile livet. Eg har mellombels ikkje vorte merksam på den før no, dette siste året. Det har teke meg ei stund å kome over det faktum at eg har ei svadastemme. Min fyrste reaksjon var naturleg nok vantru og sjokk. Deretter sorg og fornektelse. Til slutt har eg kome til å måtte sjå situasjonen for det den er. Eg har rett og slett kome til å akseptere det faktum at eg, Marièl Eikeset Mundal, har ei eiga personleg svadastemme som heile omverda har vorte utsett for utan min eigen viten og vilje, gjøren og bin laden... Dei følgjende avsnitta kan sjåast på som eit siste ledd på vegen til aksept av situasjonen (Det finst somme av dykk der ute som kanskje vil ha kopla ut allereie etter fyrste setninga, sidan svadastemmeomgrepet vart innført allereie i innleiinga, men eg ber dykk om å freiste å halde tråden, då dette vil vere med å hjelpe meg fram på vegen mot total aksept).

Eg er ikkje heilt sikker på om eg heilt klarer å setje fingeren på akkurat KVA det er som karakteriserar denne svadastemma. Det einaste eg veit er at det er tale om ei stemme som eg tek på meg kvar gong eg skal servere ei større mengd med informasjon og kunnskap; gjerne unyttig i sin eigenart. Svada om du vil. Eg trur eg legg om tonefallet noko. At det liksom vert meir syngande på eit vis, samt at eg tek på meg ei forteljande og oppglødd nerderolle. Eg veit heller ikkje kvifor eg gjer det. Kanskje er eg så usikker på min eigen person at eg vel å skjule meg bak ei påteken stemme? Er eg verkeleg så usikker på min eigen posisjon som nerd og over å vere over gjennomsnittet interessert i trivia og unyttig kunnskap?
For å vere ærleg, trur eg korkje eg sjølv eller nokon eg kjenner vil gå for denne forklaringa. Kanskje er det element av dette svaret som vil medføre riktighet. Kanskje er vi eit lite steg nærare forklaringa på tilstanden, men det er langt ifrå ei fullgod forklaring.
Kan det då vere for å verke meir interessant og intellektuell? Dette er nok eit svar som eg tykkjer ligg mykje nærare løysinga, sjølv om eg framleis tykkjer det manglar ein del på den fulle og heile sanninga. Det er jo riktignok slik at eg til ei viss grad alltid har vore glad i å fremje eigen person og kunnskap, men eg trur ikkje eg kan ha gått så langt som å umedvite ha forma ein fiktiv personlegdom med ei eiga stemme berre for å gjere meg sjølv enno meir interessant. Vonar eg.

Eg trur rett og slett det kjem av at eg kjenner meg rett så vel med denne stemma. Den har nok ganske riktig sitt opphav i at eg kjenner meg meir Marièl Intellektuell med ein gong eg tek på meg svadastemma, samstundes som  stemma sjølvsagt også har ei praktisk forklaring. Det er nemleg praktisk tala umogleg å formidle store mengder unyttig informasjon i eit heilt vanleg tonefall.

Lesaroppgåve: Les denne bloggposten høgt for deg sjølv i eit daglegdags tonefall. Freist deretter å lese den same teksten med eit tilgjort og noko meir oppglødd tonefall, og med eit glimt i auget. Gjerne framfor ein spegel Noter: Kva kjennest mest naturleg? Kva variant vil du kunne stå for ved ei eventuell offentleg framføring av det du nett las for deg sjølv? Dersom du endar opp med å svare versjon nummer to, kan du no smykke deg med å vere eigar av di eiga personlege svadastemme. Gratulerar!

Finst det nokon i heile verda med eit snev av innsikt til eigen person som klarer å stå framfor nokon og lire av seg setning på setning med eigne meiningar, tolkingar fjonge formuleringar, samt ein god del meiningslaust småprat utan å ta på seg ei noko anna stemme enn det dei har til dagleg? Kanskje ha ei ironisk glimt i auget? Eg håpar ikkje det. 

Eg har også mi eiga pedagogstemme...

6 kommentarer:

Steffen sa...

Etter ei lita gjennomlesing med påfølgjande kontemplasjon, har eg no byrja å hugse kva du meinar med svada-stemme. Eg veit ikkje om eg har ei slik sjølv (då eg ikkje har teke testen), men eg veit med rimeleg stor tryggleik at eg har ei pedagog-stemme. Kanskje Charlotte kan bekrefte om det stemmer.

Charlotte sa...

pedagogstemme har han iallefall. DEn har eg opplevd. Han har tilogmed ei pedagogstemme skriftleg.

trur ikkje i det heile tatt klare å lirke utav seg så mykje unyttig informasjon rundt eit tema som du, Mariél. Eg prøvde, men gjekk på tryne.

Marièl sa...

JEEEE! Det va bra du sa frå då du gjekk på trynet! Det var artig! Og so fekk eg litt dårleg samvit fordi eg lo av at du trøyn..

Charlotte sa...

ja, trøyn gjorde eg.
Måtte ty til et ikkje-sjølvprodusert innlegg... -->tryn!

Steffen sa...

Charlotte, har eg pedagogstemme skriftleg og? I alle dagar, det var meir enn kva eg var klar over.

Charlotte sa...

ja, faktisk. Du hadde i grunnen det...