måndag 2. april 2007

Ymse

No er eg endeleg heime i godkommunen Gloppen att. Det var deileg å kome over fylkesgrensa og endeleg sjå nokre skapelege fjell, som i det eg reiste forbi, var bada i sollys, i høveleg påskeidyll.
I skrivande stund er eg på jobb på Nordfjord Folkemuseum og freistar å skrape til meg ei krone eller to. For sidan eg ikkje eig økonomisk sans anna enn når eg ikkje har pengar, er eg nøydd til å arbeide også på heilagdagane for å få økonomien til å rette seg. Det er diverre ikkje så mykje spanande å ta seg til på eit museum etter vanleg arbeidstid... Eg trur planen er at det skal vere ope for dei som ynskjer å ta turen innom for å sjå på utstillingane (det er til og med gratis) når dei for ein gongs skuld har fri, men det syner seg at den jamne gløppar kanskje tykkjer det er meir freistande å liggje heime på sofaen eller reise på fjella når dei har fri. Den akutte publikumsmangelen leiar i alle fall til at eg har timebetaling for å sitje og skrive ein blogg og absolutt ingenting. Det leiar også til at eg har betalt for å lese avisa, gjere satslæreoppgåver, steikje vafler (som eigentleg skal vere til dei vitjande, men som eg, sidan det ikkje er nokon vitjande her, lyte ta på meg ansvaret for å ete opp), og for å sitje på facebook. Dessutan har eg spela munnharpe og piano opptil fleire gongar. Eg er nemleg ikkje berre utan vitjande, men eg er også utan medarbeidarar, sidan det strengt teke er lenge sidan den normale tilsette gjekk heim og sette seg ved middagsbordet. Menmen. Det er gøtt eg er flink til å finne underhaldning i eige selskap!

Hadde eg vore riktig frampå hadde eg kanskje teke med meg ei skulebok som eg kunne lest litt i. Men i mangelen av frampånad får eg klare meg utan, og heller foreta eit djupdykk i museumsbiblioteket. Der er det både ein og annan godbete, og i går nytta eg tida til å setje meg gøtt inn i den norske bunadstradisjonen, samt også å lese meg opp på jarnalderen i Noreg, eit emne som det visstnok er skrive lite om tidlegare. Eg har med andre ord vore tverrfagleg og røyvd meg inn i ukjende fagkretsar. Og det beste er at eg har timebetaling... Dette er i det heile eit unikt høve til å få betalt for ting som eg alltid har hatt lyst til å få betaling føre. Eg kan til dømes:
Få betaling for å syngje. (x)
For å danse. (x)
Slå hjul (x)
Drikke kaffi (x)
Kopiere handa mi (x)
Spele piano (x)
Spele munnharpe (x)
Lese om interessante ting/studere (x)
Sjå ut glaset (x )
Sjå kor lengje eg klarar å halde pusten (x)
Skrive blogg (x)
Ete sjokolade og vaflar (x)

Det meste i grunnen.
No trur eg at eg tek meg ei vafle til.

7 kommentarer:

Steffen sa...

Hmm, når eg ser alt du har å gjere på museet, skjønar eg godt at du kjenner deg dau etter arbeidstid.

Kor lenge klarar du å halde pusten, forresten?

Marièl sa...

Daah!! det er jo ikkje pga det eg gjere på museet at eg dauda då.. Det e fordi eg e på jobb frå åtte t fire FØR eg reise på museet.. Då vaska eg huset t Bjørloen, nemleg. Eg klarte å halde pusten i nesten eitt minutt. Trur ikkje det e so lenge, eigentleg, men eg hadde ete so mykje vafle fyst...

Steffen sa...

Korleis kunne no eg vete det? Og for all del, det kan vere ganske travelt å sjå ut av glaset og.

Neidå, no ska eg ikkje mobbe deg, men for å bruke volleyballterminologi, so kunne eg ikkje la vere å smashe på eit slekt opplegg.

Eit minutt? Sjøl har eg aldri testa meg skikkeleg, med unntak av nokre snorkelturar, men då har eg aldri maksa. Ka effekt har vaflene på prosessen?

Laga du gode vafler?

Gunnhild sa...

Aa, vafler!!! Hallo, eg er paa Fiji, ikkje frist meg til aa komme heim!! Ellers synes eg jobben din paa museet minnar litt om den eg hadde paa sentralbordet paa Saga Fjordbase i fjor sommar. Juli er verkeleg ikkje rushtida for ivrige ringarar (? folk som ringer i tlf) i oljeindustrien. Eg fekk betalt for baade blink og 7th heaven :D

Marièl sa...

Jess jess!! Vaflene har jo den effekten at når du har ete for mykje, so bli du gjerne ganske mette, og det vil jo sjølcsagt ta opp plassen til lungene... Trur eg. Det kjendest vertfall ikkje heilt bra.. Men no har eg teke t vetet og vore på biblioteket (som óg har påskeope) og lånt meg Undset og Tolstoj, so no har eg underhaldning! Lenge sida eg har hatt tida t å lese nåke so helst. Gunnhild: Når du kjeme heim skal eg lage vafle t deg!! Akkurat no e eg for øvrig utruleg lei av vafler (sidan eg må ete alle dei mislukka, og det e relativt månge tav dei) so i mårå skal eg lage svele! Til alle dei nederlandske turistane so kjeme.

Steffen sa...

Det kan vere noko i det med lungene, ja. Men eg kan jo ikkje om slekt.

Undset og? Det sa du ingenting om. Ka bok då?

I dag prøvde eg å oppsøkje biblioteket for å utforske ein turkmensk forfattar (køddar ikkje), men so hadde dei stengt. Påskestengt. I alle fall på det tidspunktet. Heldigvis har eg lånt min gamle helt Alistair MacLean på engelsk.

Anonym sa...

Og så døde bloggen til Mariel...