søndag 24. juni 2007

Den er oppstanden, HALLELUJA!

Og sanneleg halleluja! Etter lengre tids fråhald er eg og bloggen ENDELEG attende! Det heile har sitt utspring i ei lang og noko pinleg historie. Og for dei av dykk der ute som no DØYR etter å finne ut kvifor og korleis anten fordi de berre er genuint opptekne og interesserte i min kvardag eller fordi du er ein av desse personane som likar å rulle seg i andre si ulukke: Her kjem heile den herlege historia presentert i detalj:
Det heile byrja då eg ein vakker aprildag sette meg ned for å skrive på bloggen som vanleg. Mest sannsynleg hadde eg ein finurleg tanke som berre måtte festast til papiret. Men i det eg legg fingrane på tastaturet kjem erkjennelsen raskt og brutalt snikande. I eit tilfelle av akutt dement har eg prestert å klart å gløyme både brukarnamn og passord på sida. Dette plar normalt sett ikkje vere eit problem, sidan eg er vel vitande om risikoen for nettopp dette, og i dei fleste tilfella har automatisk pålogging for dei fleste applikasjonar. Men ikkje denne eine, kritiske og avgjerande gongen! Sidan sist eg var innom hadde nemleg heile systemet vore under oppussing, noko som resulterte i at den automatiske pålogginga hadde takka for seg, og eg vart sitjande att med berre mitt eige intellekt og logiske resonement å lite på. Som de forstår kan jo dette aldri gå bra... så det heile resulterte i eit nesten tre månadar langt sølibat med gjentekne frustrasjonar og møte med veggen, før det endeleg gjekk opp for meg at det einaste eg ikkje hadde freista var å skrive inn det brukanamnet og det passordet eg plar ha på SAMTLEGE andre ting...

Som de ser, har dette vore eit fruktbart forsøk...

3 kommentarer:

Gunnhild sa...

1: wow!
2: ojoj, og/å-feil observert! "Kvifor å korleis"?
3: Sidan ein av dine fem utvalde er the Who ser eg mitt snitt i å opplyse om at eg om ca 10 dagar ser desse live (skal eg helse?)

Anonym sa...

ikkje verst du! litt talentlaust men hirr hirr =) God sommar!

Charlotte sa...

Bau! eg og e nesten tilbake.