laurdag 28. juni 2008

Grenselaus moro!

I går vart eg samanlikna med Kristine Koht. Marièl Mundal aka Kristine Koht. Etter at den fyrste tvilen hadde lagt seg tykte eg det var kult. Eg følte meg trendy, hipp og aktuell. Marièl Aktuell.

Eg trur ikkje eg har gjort noko særskild for å verte samanlikna med Kristine Koht. Eg har til dømes ikkje svart bobfrisyre eller er lesbisk. Ikkje reiser eg på besøk til familiar for å observere korleis dei bur, og ikkje har eg show saman med Klaus Joachim Sonstad. Eg er heller ikkje særskild glad i å gå i skjørt. Då eg spurde kvifor dei då valde å samanlikne meg med dene mediepersonlegdomen, begrunna dei denne samanlikninga med at eg alltid vart like oppglødd over ting, nett som Kristine Koht, og heller kanskje ikkje alltid veit kvar grensa går, nett som Kristine Koht. 

Det tykte eg var ei fin begrunning, sjølv om eg vil påstå at akkurat dette siste er feil. I alle fall delvis. Eg veit nemleg godt kvar grensa går, eg berre tek eit aktivt val med å oversjå den, for heller å sikte meg inn etter mine eigne grenser som som oftast går ein annan stad enn det den gjer hjå somme andre. Kanskje må ein til og med driste seg til å leite litt etter kvar grensa går.  Dette vil eg forresten faktisk tru er mykje artigare enn å vere forutinnteken eller fordømmande, slik somme andre er. Dei "somme" som tydelegvis set dei fleste normane og grensene. Dersom ein meinar at det å sprengje grenser er noko av det som karakteriserar Kristine Koht, ja så må det faktisk vere frykteleg arig å sprengje grenser, tenkjer eg! Kristine Koht er i alle fall grenselaust festleg! Så kan desse som vel å vere sneversynte og treige berre ha det så godt. Dei kjem nok ingen veg. Synd for dei. Så kan dei sitje der og døma levande og daude, medan verda kanskje eigentleg hadde hatt best av at ein av og til turde vente litt og sjå om det finst alternativ til reglar og normer som er betre enn dei som fyrst kjem til syne! 

Er eg ein rebell? Marièl Rebell? Nei, det er eg ikkje. Eg vart berre litt oppglødd og sint på alle dumme menneskje her i verda som har så tungt for å forstå at alle er like mykje verd. Kvifor kan vi ikkje berre vere oss sjølve, akseptere andre og vere vener?

I tillegg til å hisse meg opp over mangel på likestilling og aksept i verda, innsåg eg i dag også nett kor godt eg likar grønfargar. Dermed går dette tydeleg fram av bloggen. Eg tykte det var fresht, og so vart eg glad då eg gjekk ut, for då såg eg at alt var grønt og fresht ute også. Og so vart eg i endå betre humør.

3 kommentarer:

Steffen sa...

Å verte samanlikna med Kristine Koht vil eg påstå er ein kompliment og ei potensiell fornærming i ein og same pakke. No har eg rett nok ikkje sett særleg på dei ulike programma ho har engasjert seg i, men eg har sett tilstrekkjeleg til å fastslå at ein slik kommentar kan slå begge vegar. Om eg, til dømes, hadde vorte samanlikna med henne, så veit eg ikkje heilt korleis eg hadde teke det. Min fyrste reaksjon hadde truleg vore at eg då må vere veldig travel å ha med å gjere, sidan eg vert samanlikna med det truleg travlegaste kvinnemennesket eg veit eksisterar. Eg har endå til gode å oppleve noko slikt, men poenget mitt er framleis det same: Ho er travel å ha med å gjere. No har eg rett nok ikkje sosialisert særleg med deg sidan 2007, men med mindre du har vorte særs mykje travlegare sidan då (noko eg ikkje heilt klarar å sjå føre meg), så stiller eg meg litt skeptisk til kor korrekt den samanlikninga er. Sjølvsagt, som du er inne på, det kan vere den utvilsame livsgleda som gav samanlikningsgrunnlaget, og då stemmer det vel ganske bra. Men, som nemnt, ei slik samanlikning er eit tveegga sverd.

Martin sa...

Jeg har skrevet et dikt jeg tror du vil like. Rettelse: Nå skal jeg skrive et dikt jeg tror du vil like. Det skal hete "Hvorfor".

Hvorfor
Hvorfor er noen dumme?
Hvorfor er noen slemme?
Hvorfor er det krig i verden?
Hvorfor har ikke kontrabassklarinetten fått en god fot innen den symfoniske musikken?
Hvorfor kan ikke alle bare være venner?

Håper du likte det. Når dét er sagt, synes jeg det er festlig å merke meg at bloggen gjennoppstår nå da vi har hatt noen kontaktlause dager, og det synes som om svadastemma di trenger et nytt sted å få utløp :-) Artig lesing i alle fall. Stol på at jeg følger intenst med i tiden fremover for å få med meg utviklinga her. Og det var faktisk ikke sarkastisk, selv om det kanskje kunne virke slik.

Marièl sa...

For eit FRAMIFRÅ dikt! her fekk du liksom sett fingeren på det eg ville få fram gjennom denne bloggposten!

Eg nytta svadastemma mi her om dagen. Det kjendes fint og litt merkeleg, og det gjekk opp for meg at eg og svadastemma har skild lag litt vel lenge no. Eg kjem nok til å ta den fram att litt oftare enn eg har gjort i det siste. eg kjende meg så kunnskapsrik då eg tok den på meg.. Det var fint.

Christine Koht (eg har no sett at det skrivast med C.).er nok litt i travlegaste laget! Eg er glad eg ikkje vart 100% smanlikna med ho, men eg set pris på at dei som føretok samanlikninga samanlikna utifrå eit positivt utgangspunkt, og ikkje med grunnlag i det negative!

Eg skal skrive ein symfoni over diktet. Med hovudvekt på kontrabassklarinett.