Jajaja.. Sjølv om det altso har gått lang tid sidan førre bloggpost (i alle fall utifrå mine blogvanar), så vil eg berre kort informere at eg framleis er i live, sjølv om det no kjem til å gå ei stund før neste innhaldsrike post. Dette betyr ikkje at eg har gjeve opp blogglivet, men berre at eg freistar å redde meg gjennom ein del innleveringar og litt korps og sann.. Men når eg er ferdig med DET, då kjem det nok ein skikkeleg godbete av ein blogpost.. Kjenner allereie no at eg bryggjer på eit bra innlegg. Kanskje det vert betre når det får modne litt i bakhovudet?
Vi snakkast på den andre sida av innleveringane..
Viser innlegg med etiketten Den harde studiekvardagen. Vis alle innlegg

onsdag 14. mars 2007
søndag 11. mars 2007
Dagens ustrukturerte:
ÅGUBBEVARE! Eg HAR so dårleg sjølvdisiplin, eg! No har eg sete i to dagar for å skrive den MYKJE omtala og STERKT utsette etnomusikologiinnleveringssemesteroppgåva. Det var snakk om gøtt og vel 20 sider som skulle lesast på engelsk, for deretter å oversetje til morsmålet og få trykt ned på ti sider. Ikkje ei totalt uopnåeleg oppgåve, med andre ord, men eg har sannsynlegvis klart å setje ny rekord på tidsbruk. Det verste er at vi har hat nærare to månadar på oss til å skrive den, men eg har klart å utsetje den lengst mogleg, slik at eg rakk å få ei semesteroppgåve nr. to deisande i hende, som skal inn dagen etter denne som eg har utsett.
Grunnen til at eg utset ting trur eg har med å gjere at eg trur eg arbeidar best under press. Men det er jo berre crap. For no har eg sete i to dagar og TRYKT meg gjennom desse 20 sidene (eg er ferdig no also mamma). Men poenget her er at eg sit i kanskje ein time, (ein time som inneber ein god del stiring ut glaset, usakleg søkjing på internett, lytting på musikk, teikning i margen, eller berre ufortent interessert stiring og reflektering over skjermspararen min) og so tenkjer eg at "huff, NO har eg jammen vore produktiv, no må eg ha ei pause" Og so tek eg meg ei pause som varer i tre timar for å sjå dansefeber eller reprisar på farmen eller å gå på do eller å vaske opp eller å drikke vatn. Og slik går det heile i syklusar.
Som du ser er dette ganske skremande: Det synest meg faktisk meir freistande å ta oppvasken enn å site ved dataskjermen! Det verste var nok då eg vurderte å ta meg ein joggetur i staden for å skrive (loco tilstandar). Men som sagt; no er eg altso ferdig. Og so tenkjer eg "då har eg gjort meg fortent til litt fri". Og so endar eg opp med å sjå på TV i staden for å gjere nyttige ting som å øve.
Ein positiv bieffekt ved denne tilstanden er jo at eg legg merke til nye ting ved kvardagen som eg elles ville ha tykt var keisame. Til dømes har eg i dag oppdaga at:
1. Eg har ulik styrke på brilleglasa mine (noko eg fann ut ved at eg tykte det måtte vere interessant å ha brillene opp ned ei stund, og som resulterte i at eg vart umåteleg svimmel)
2. Eg tok meg også i å sitje å reflektere over kor mange ulike variasjonar ein akkord kan ha ( då måtte eg jo sjølvsagt freiste å synge dei også). Så då fekk eg øvd litt på det; noko eg vanlegvis sjeldan gjer.
3. Så fikk eg sjekka kor vidt eg hadde ein audioplugg som kobla to han-koblingar opp til ein liten jack-inngong, slik at eg kunne koble datahøgtalarane opp mot platespelaren. Det hadde eg ikkje.
4. Så har eg funne ut kva det heiter når du bind bokstavar saman med fargar; nemleg synestesi, og at m.a. Olivier Messiaen hadde dette, og at han skreiv ei bok om korleis han såg alle akkordar føre seg i fargar (dette måtte eg jo sjølvsagt freiste ut, og eg enda opp på pkt. 2 att).
5. Eg lærte meg "det sit ein fugl" på tinnfløyte..
6. Eg sette opp eit budsjett over neste månad sine utgifter.
7. eg sjekka mailen fem gongar, og var innom bloggen min tre...
8. Eg såg på gamle Home&Away- episodar frå 1994.
9. Eg filte alle neglene mine to gongar.
Når eg ser attende er det i det heile teke eit under at eg kom ut på andre sida av den oppgåva. Det verste er at faget eigentleg er interessant.

Etiketter:
Den harde studiekvardagen
måndag 5. mars 2007
Sjå Gunnhild: Kreative Mariel slær til igjen!
Altso. I det siste har eg motteke noko spit med bakgrunn i at eg i den siste tida ikkje har vore so effektiv på blogpostfronten som eg plar. Dette er sjølvsagt ikkje noko eg vil ha på meg, då eg tek dette framifrå alvorleg.. So då kjenner eg presset på meg til å skrive noko djupt og reflektert. Problemet er berre at det i skrivande stund er ei skræmande lang stund sidan sist eg verkeleg reflekterte over noko. Ein kan nesten seie at eg i dei siste månadane nærast har flote med straumen utan å sjå meg kring. Trist men sant.
Eg kan sjølvsagt "reflektere" slik som eg plar gjere det i til dømes etnomusikologi-innleveringane.. Der oppgåva går ut på å skrive ti sider drøfting, men som alltid set abnorme krav til eigen kreativitet, sidan det kapittelet ein skal drøfte frå sjeldan eller aldri inneheld meir enn fem sider. Dette vil dermed seie at ein vert tvungen til å vere skapande i heile fem sider, noko som igjen resulterar i framifrå kreative innleveringar frå mi side. Det finst jo sjølvsagt ei løysing på dette problemet som andre vel å ty til; som til dømes å ha 1.55 i lineavstand framfor 1.5, slik det eigentleg skal vere; eller dei nyttar 12.1 i skriftstorleik i staden for 12.. Dette tykkjer eg rett personleg er meir tvilsomt enn å skrive fem sider svada. Det henspeglar jo som oftast på eigen kreativitet i staden for maskinelle hjelpemiddel. Det er faktisk forbausande enkelt å skrive svada. Dersom du les teksten ovanfor ein gong til, men denne gongen freistar å finne ei meining, vil du knappast finne det. Trikset er visstnok å forkle setningane i mange nok spanande uttrykk. Her er nynorsken også til stor hjelp. Nynorskkunnskapane til førelesarar ved norske universitet er skremande dårlege, slik at dersom du vel å skrive på eit litt kreativt nynorsk, trekkjer språket opp uansett kva du finn på å setje på papiret. Hugleik på staur vert til dømes høgt prisløna saman med ord som åtgaum og ymist. "Razzle Dazzle them", so Richard Gere seie det i Chicago...
Apropos Richard Gere: Han likna litt på ein hund.. Ein sann hund som han der onde Sid har i Toy Story I, dersom det er nokon som har sett den. Ikkje nåke negativt om Richard Gere, also, han kan gøtt få meg anyday( dette er i mine auge ein som bør kategoriserast som "gamalhot"; takk til Ragnhild), berre ein av dei tankane so e håplaus å bli kvitt dersom du tilfeldigvis sit og ser på ein film som tilfeldigvis har litt Richard Gere i seg.
Apropos film. Eg var stad og såg "Last King og Scotland" her i førre veke. Filmen handlar overraskande nok ikkje om ein skotsk konge, men om Uganda sitt maktsjuke statsoverhoud Idi Amin "Dada". Han var ikkje heilt god, viste det seg. Det var i det heile ein framifrå film, som eg tilrår på det sterkaste å sjå! Men det var ikkje poenget her. Nei. Poenget var at eg sjølvsagt etter å sjå all drepinga og urettferda som rådde, vart sterkt engasjert i situasjonen i Uganda. Eg visste rett og slett ikkje at det var så gale. Men så kom eg på at denne filmen syner til hendingar som gjekk føre seg for fleire år sidan. Og DÅ tenkte eg (syner seg at eg visst har reflektert litt likevel) at det er for gale at det skal ta ein kinofilm til før ein tek til å sjå kva som verkeleg går føre seg der ute i verda. Slik var det også med Hotel Rwanda, ein film som var vel så engasjerande og røyndomsnær i sine skildringar. Eg fekk rett og slett dårleg samvit for at høge lydeffektar og sveitte menn på eit lerret er det som må til for at den vanlege borgar i vesten skal ta til å tenkje etter.
Men kvifor er det eigentleg slik at det finst konfliktar ute i verda som vi klarar å oversjå og ignorere slik? Vi får jo fleire timar med nyhende direkte inn i stovene våre kvar dag! No har jo TV2 klart å hoste opp ein heil nyhendekanal også, for dei som er så heldige å få med seg det... Det er skremande å konstantere at det finst underhaldningsverd i menneskeleg elende. At det går ann å seie noko slikt som at "akkurat i dag er det midtaustenkonflikta som er mest verdfull, og bør få mest skjermtid"...So utan å ta på seg ei formanande rolle, so vart eg litt sint, altso! Er ikkje poenget med nyhendene å få med mest mogleg av det som skjer ute i verda, uavhengig av om det er nordmenn innblanda eller ikkje? Eg berre spør..
So dei seie i nyhendene: No. Heimatt. Denne helga har eg vore heime i fjordfylkjet. Det gjorde gøtt! Men kva er det eg ser i det eg set foten innanfor fylkesgrensa? Ein debatt om kor vidt Sogn og Fjordane bør profilere seg utad med bunad eller ikkje (Talar her om jebussfeiring til kongen og dronninga førre veke, der Sogn og Fjordane stilte med eit fiktivt brurefylgje med bunadar). Det var fleire utflytte fjordingar i Oslo som var skaka over at eit fråflyttingsfylkje som S&Fj kunne finne på å sende noko så gamaldags i klørne på kringkastinga. Dei var rett og slett vonbrotne over at fylkjet skulle framstå som ein stad der ein går i bunad til alle anledningar, og at dette ville hindre tilflyttinga til fylkjet. Etter å ha gått kring med irritasjon over desse elendige argumenta, vil eg gjere som eg plar når heile debatten er irriterande latterleg: nemleg øydeleggje det heile med tilsvarande meiningslause argument:
1. Kjære utflytte fjording: Dersom du tykkjer det er for gale at S&Fj skal vere eit fråflyttingsfylkje som ikkje appellerar til urbane ungdomar som deg sjølv, men at det ideelle er at ungdomar flytter attende til fylkjet; KVIFOR BUR DU DÅ FRAMLEIS I OSLO??
2. Kjære utflytte fjording: Dersom du meinar at S&FJ er eit så gamaldags og lite tiltrekkjande fylkje å flytte til, og som du tydelegvis aldri kunne tenkje deg å flytte attende til, KVIFOR GIDD DU Å DEBATERE?? Dersom du har teke avgjerdsla om å verte buande i hovudstaden, og at S&Fj er eit fylkje i bakleksa, er dette tydelegvis ikkje debatten for deg.
3. Ærleg tala! Det var vel ikkje for marknadsføringa sin del at vi reiste til Oslo? Så vidt eg kan hugse, var det vel tale om ei jebussegåve? Og er det ikkje kva mottakaren tykkjer som er det viktigaste med sleke? Og vart ikkje kongeparet glade og rørte over delegasjonen frå fjordfylkjet? JO! Det er som å debattere over om din gamle onkel burde fått verktygsett til jul i staden for den boka han fekk om livet på vestlandet. Det er tydeleg at han kunne ha trong for verktygsettet til å reparere huset som er til skjemsel for heile grannelaget, men han vart definitivt gladast for boka. Skikkeleg partypoopar å gje vekk noko kjipt i gåve, berre for å tilfredstille eigne behov...
EG BERRE NEMNER DET!.
Det var det! No har eg reflektert litt. Det gjorde godt etter gamalt! no skal eg skrive etnomusikologi-innleveringa mi...

måndag 15. januar 2007
Om samlemani, musikk, og forholdet mellom menn og kvinner
Når du no ser på denne tittelen, slær det deg kanskje at eg lid av ei type fritidsproblem. Dette kan godt og vel vere sant, men dersom eg skulle gjere det, er det i alle fall betre at eg freistar å dele desse tankane med andre enn at eg berre sit åleine på hybelen min og tenkjer dei same tankane heilt for meg sjølv og til inga nytte...
For å ta det fyrste fyrst. Eg var kanskje ikkje den einaste som såg dokumentaren om sko som gjekk på rikskanalen for nokre veker sidan? For dei uinnvigde var dette i allefall eit program der dei tok føre seg i hovudsak kvinner sine relasjonar til sko og mote og samlemani. Det kom i det heile fram at det finst eit utal kvinner som har skræmande mange skopar av ulike grunnar. Det kom også fram at høghæla sko vart betrakta som sexy, tiltrekkjande, og det kunne dessutan dragast parallellar frå denne høghæla moten og mørke undergrunnsmakter som også vart knytta opp mot seksualitet. Men det som eigentleg var interessant med denne dokumentaren var altså det fyrstnemde; nemleg kor vanleg det er at kvinner byggjer seg opp imponerande samlingar av ting, som til dømes sko. Eg er sjølv godt inne i skosamlemanien si underfundige verd, med no godt og vel 40 skopar (ikkje at det på nokon måte kjem opp mot dei enorme samlingane som vart offentleggjorde på tv-skjermen), men som aldri allikevel tykkjer at eg har nok. Det er alltid nye antrekk. Og for kvart antrekk lyt ein nesten ha eit matchande par sko. Eller, ein er vel strengt teke ikkje nøydde, men det er eit faktum at eit feil skopar har emna til å øydeleggje eit antrekk fullstendig. Men ligg det noko anna under, enn berre trongen til å vere moderne og ha siste skrik til ei kvar tid? Og dersom det er presset frå moteverda som gjer at kvinner stadig kjenner at dei må supplere skosamlinga, kvifor tek dei då vare på skopara? Kvifor ikkje berre kaste dei etter kvart? Dette tykkjer eg er uhyre interessant. For eg trur ikkje menn har det slek. Eller det har dei jo sjølvsagt til ei viss grad, dersom ein tenkjer på musikksamlingar, bilsamlingar og så bortetter, men eg trur ikkje menn har den same relasjonen til dei tinga dei samlar på. Understrekar TRUR, sidan eg eigentleg ikkje har peiling på dette fagfeltet, som den beskjedne musikkvitskapsstudenten eg er. Mitt inntrykk er i allefall at kvinner i større grad opparbeidar seg eit personleg forhald til det dei kjøper; men sko som vert nytta til ulike anledningar, og får status som yndlingsskoen på bakgrunn av dei evenemanga dei har delteke på. Altså at kvinner kanskje har eit meir personleg emosjonellt forhold til dei tinga dei samlar på, medan det kan virke som at mannen har eit større behov for å vite mest mogleg om det dei samlar på, samstundes som dei i sin søken atter å stadig ha siste skrik i hande, er mykje flinkare til å kvitte seg med det gamle.
Som eit døme på denne "forståsegpådelen" av menn sin samlemani kan vi jo ta bilsamling som eit døme. Det er mitt inntrykk at bilen i seg sjølv jo er verdt å ha, men også denne tendensen med at ein stadig vekk må fikse på, restaurere og justere. Det kan nesten verke som at vegen mot det ferdige produktet er det som driv mannen framover, og at når ein er ferdig med det eine prosjektet får eit behov for å bevege seg vidare til neste prosjekt, og at det er diføre ein har mange bilar: Ein skal ha noko å henge fingrane i. Det same kan ein nesten seie når det gjeld musikksamlingar. Her er mi erfaring at mannen likar å setje seg fullstendig inn i kvifor og korleis denne plata kom til verda, kva medlemane i bandet heitte og så bortetter, medan kvinner ikkje er så opphengte i dette, men ofte likar musikken berre av di den er fin, og ikkje naudsynt av di den representerar ei spanande historie ( Dette vil jo som med alt anna variere frå person til person, men det er i alle fall mi generelle oppfatning. Som sagt; det er jo ikkje akkurat forskning eg har drive på med på hybelen min...). Så kjem den veldig populistiske oppfatninga mi av årsaken bak dette, som eg eigentleg kastar fram mest av nyfikne for å sjå om det er nokon som har eit betre føreslag/oppfatning av kvifor det er slek (vil jo nok ein gong understreke kor umogleg det er å underkaste menneskeleg oppførsel den numerologisk-deduktive metoden, og dermed generalisere). Men dersom det er nokon der ute som kan kome med si opplysande meining, vert eg sjølvsagt takksam. Den populistiske påstanden er sjølvsagt som følgjer: Menn er jegarar og opptekne av å leggje ned eit og eit bytte, medan kvinner er samlarar, og sparar til hardare tider der dei kan få bruk for alt det dei har samla på (ikkje det at eg nokon gong trur eg vil kome til å få nytte for alle dei 40 skopara på ein gong men...). Eg vert nesten flau av å leggje fram ei så gamaldags haldning, men det kan jo nesten virke som det ligg noko i det då?
Jess. Dette var altsp det eg hadde tenkt på i etterkant av dokumentaren, og ikkje minst den nye serien til Petter Scjærven om adam og eva og alt som fylgjer med denne konstellasjonen. Det eg vidare har tenkt på er musikk. Ikkje at dette er nokko nytt, ein bør vel tenkje ein del på det sidan ein studerar det? Men det eg har tenkt på her er urovekkjande... Eller i alle fall noko å gruble over. Har du nokon gong teke deg sjølv i å finne to songar som er urovekkjande like? Slik at du i beste Ingrid Bjørnov-stil tek til å syngje på denne andre songen medan den originale surrar og går i bakgrunnen? Kanskje ikkje så veldig rart. ein seier jo at matematikk og musikk er to greiner som står einannan nært (I mitt tilfelle verka matematikken ganske fjern, men det er i allefall det dei påstår dei som har greie på hjernen og slikt).
Men i allefall: Det er 12 halvtonar i ein skala (dersom ein ser vekk frå kvart-tonar og nedover, noko som vi i vesten har vald å gjere: vi held oss til den reine skalaen utan blåtonar). Dersom ein reknar at det er ca 10 oktavar eit menneskeøyre kan oppfatte, går det raskt an å sjå kombinatorikken i det heile. Det er rett og slett teoretisk mogleg å begrense antalet for komponert musikk gjennom å nytte kombinatorikken! Og då lyt ein bringe spørsmålet på bana: Med all den musikken som til stadigheit vert komponert nærmar vi oss for kvar dag denne grensa? Dermed er det ikje rart dersom du tek deg sjølv i å finne to melodiar like. sannsynet for at to melodiar liknar er jo til stades, og vil som ei følgje av kombinatorikken auke for kvar melodi som vert komponert!
Eg tok dette opp med ein pianist for ei stund sidan. Ho var ikkje samd i denne teorien. Eller; ho kunne sjølvsagt ikkje nekte for det teoretiske grunnlaget, men ho peika på ein faktor som eg hadde vald å oversjå; nemleg at det i tillegg til eit begrensa antal tonar, finst eit utal variasjonsmåtar som gjer at to melodiar ikkje vert like kvarandre likevel, som til dømes ulike tempi, taktartar, effektar osb. Så om sannsynet for at to songar ville likne kvarandre vil auke for kvar komposisjon, men ikkje med så mange prosent at det er mogleg å rekne med. Og faren for at vi ein gong i vår levetid kjem ti å finne oss sjølv i den situasjonen at det ikkje er meir urøyvd materiale å nytte er ikje til stades.. Men det hadde vore interessant å sett ein computer på saka; å konstruere alle moglege melodiliner på bakgrunn av absolutt alle faktorar som finst. Lurer på kor lang tid den ville brukt på det, og om den ville kome opp med kjende melodiar som t.d Let It Be eller skjebnesymfonien! Det hadde vore noko for framtida! Men på den andre sida ville det vore trist utan komponistane. Og heller ikkje noko spanande for musikkvitarar, sidan mykje av studiet jo går ut på å setje komposisjonen i samanheng med epoka den stammar frå, og i samanheng med livet til komponisten (Attende til delen om menn og kvinner og musikksamlig og slikt). DET VAR DET!!! Uendeleg godt å få det ned på papiret. Så slepp eg å bruke meir tid på å tenkje på det. Så no rullar eg ballen vidare til evt. andre som måtte slite med dei same fritidsproblema.
Ha ein framifrå dag!
...

Children way to late for the revolution...
Nok ein dag og nok ein bloggpost! Fantastisk!
Etter ei helg med mykje blading i den nye og fantastiske boka "1001 album du må høre før du dør", nok ei framifrå bok i 1001-serien, har det gått opp for meg at eg saknar 60 og 70-talet! Altså; ikkje at eg trur at eg er reinkarnert frå ein hippisjel, men fordi på den tida var ungdommen ungdom saman med resten, og det opprøret dei gjorde virka så mykje enklare enn dersom ein vil gjere opprøyr i dag. For på den tida var ungdomsopprør og ungdomstida ei ny oppfinning, og du måtte liksom ikkje ty til sleke ekstremar for å riste litt ved tilveret! Dersom du i dag som ung gjer ein freistnad på sprell som skulle stå i forhold til dåtida sine normar, ville ein i dag måtte ramponert fleire bygningar, sett fyr på eit parogfemti bilar osb. Medan det på 60 og 70 talet var riktig på kanten dersom du valde å tenne på ein gitar på scena (jf. Jimi Hendrix) eller gjere som the Who og knuse gitaren din. Eller du kunne gå i jeans, med fletter i laust og fagert hår for å vise at du var ein riktig freak. Skjønar du kvar eg vil? Dagens parallell er vel å gå ikledd lakk og lær på opa gate. Og sidan eg ikkje er innstilt på korkje å gå i lakk og lær eller brenne ned eit heilt nabolag, vert ein brått stempla som kjedeleg og lite fargerik. Du tenkjer kanskje at; jaja, ein har då også i dag ungdommar som gjer opprør utan å ta den så langt ut! Jau, dette er eg heilt samd i. Dagleg ser ein jenter med klorbleika jeans, platinableika hår,, magen bar og så mykje eyeliner at auga vart reduserte til små glip langt der inne i det tyggistyggjande og spritdrikkande fjortisandletet. Og blant gutane er du skikkeleg vill dersom du sæggar og gjerne snusar porsjonar på storleik med ei medium size pære. Kvifor kan ikkje ungdomsopprøyret vere litt meir smakfullt???? Og litt meir sameins? Det finst nok dei som er tåkete nok til å innbille seg at du er ordentleg crazy dersom du fylgjer dei ovannemde retningslinene; men den aller fleste ungdomen vil vel vere samd med meg i at dette ikkje er den rette måten å definere ungdom på! Nei, det var enklare på 70-talet, der alt du trong for å vere riktig hipp var ein radio innstilt på radio luxembourg, eit par kroppsnære jeans og ein gitar!

Abonner på:
Innlegg (Atom)