onsdag 14. mars 2007

Still Alive!!

Jajaja.. Sjølv om det altso har gått lang tid sidan førre bloggpost (i alle fall utifrå mine blogvanar), så vil eg berre kort informere at eg framleis er i live, sjølv om det no kjem til å gå ei stund før neste innhaldsrike post. Dette betyr ikkje at eg har gjeve opp blogglivet, men berre at eg freistar å redde meg gjennom ein del innleveringar og litt korps og sann.. Men når eg er ferdig med DET, då kjem det nok ein skikkeleg godbete av ein blogpost.. Kjenner allereie no at eg bryggjer på eit bra innlegg. Kanskje det vert betre når det får modne litt i bakhovudet?

Vi snakkast på den andre sida av innleveringane..

12 kommentarer:

Steffen sa...

Rett prioritert! Kanskje du byrjar å få struktur på deg sjølv? Eg trur at tankar ofte treng å modnast, til liks med kva vinsmakarane seier om gode vinar.

Marièl sa...

Ja, eg kjenner meg i grunnen litt vinaktig... Rund og raud. Full av alkohol er eg i midlertid ikkje.

Steffen sa...

Ehm, noko nytt sidan sist eg såg deg? Minnest så vidt at du korkje raud eller nemneverdig rund, men no er det snarare to månader sidan. Enkelte brukar vel helst uttrykket beundringsverdig formfullendt i situasjonar som det.

Veit du, ein dag tok eg meg sjølv i å tenkje: "Kva sko skal eg ha på meg i dag?" Svaret sa seg sjølv ganske raskt, ettersom eg berre har tre par sko, pluss eit par treningssko som er for små, men likevel, eg vert stadig forbausa når eg høyrer meg sjølv tenkje slikt.

Marièl sa...

HAHAAA! tusen takk.. eg vel å ta det som eit kompliment, faktisk..

JESS! Endeleg! Der ser du; skodilla er smittsamt! Og det verste er at det ikkje finnest ein kur for det!
No skal eg til på siste natta med oppgåveskriving. Bli gøtt å få gjett den frå seg t slutt!
Korleis e stoda i Hyen?

Steffen sa...

Hehe, det gjer du rett i! Ta alt i beste meining, så vert verda ein betre plass å vere.

Skodilla og skodilla, eg veit enno ikkje om eg kan gje meg sjølv den diagnosen, men den dagen eg kjem ut av ei skoforretning med eit digert smil og to bæreposar fulle av sko, då kan eg vere samd. Men kanskje eg held på å utvikle litteraturfanatisme.

Eg gledar meg på dine vegne at det er siste oppgåveskriving! Sjølv har eg jo null peiling på kor hardt ditta er, men eg anar konturane når du knapt nok bloggar. Ynskjer deg masse lukke til med skrivinga, du er vel godt i gang i skrivande stund, tenkjer eg.


Her i Hyen er stoda retteleg bra, masse regn, fint lesever og eg er nesten byrja å komme i betre form fysisk sett (trena volleyball). Når det vert vakrare utanfor, skal eg skaffe deg litt fleire bilete.

Og apropos sko: Har eg fortalt om den gongen eg sprang intervall med for små sko?

Marièl sa...

Fysisk fostring, med andre ord!

Oi! Litteraturfanatisme? kva inneber det? og eg har haller ikkje høyrt om den dagen du sprang intervall!

Steffen sa...

Ja, du kan gjerne kalle det fysisk fostring, det høyrest så bra ut.

Litteraturfanatisme vil seie at eg no set føre meg å lese ein heil masse bøker (sidan eg har tid til det) og interesserer meg meir for litteratur enn eg har gjort nokon gong.

I fjor haust skulle eg bli i god form og springe intervallar på raudgrus. Skorne var litt for små, og tåneglene var litt for lange, så etter ti runder var det rimeleg smertefullt. Følgjeleg tok eg av meg skorne og sprang dei to siste rundene barbeint. Det gjekk fint, men då eg skulle gå inn i gymsalen, hadde eg enno ikkje teke på meg skorne, og klarte sjølvsagt å spenne i ein kant slik at vesletåa fekk seg ein trøkk, noko som var ilt i fleire veker etterpå. Sidan den gongen har eg ikkje hatt like stor tiltru til min intelligens som før.

Marièl sa...

Orsak at eg i skrivande augneblenk ler høgt for meg sjølv.. Men det er ein medlidande latter i alle fall, og eigentleg mest av den intelligens-kommentaren. Det høyrtes ikkje særleg gøtt ut uansett!!

Eg trur ikkje litteratur-fanatisme er skadeleg eg. Ove EIde har til dømes klart seg gøtt..

Steffen sa...

Hehe, takk for det, eg trur eg uansett føretrekk den lattermilde medlidenheita i staden for den triste, i alle fall i slike samanhengar. Og når det gjeld intelligens, so føler eg meg slek so fotograf Ekdahl i Vildanden: Alle trudde han var eit geni, mens han eigentleg berre låg på sofaen og spelte fløyte.

Ove Eide har kanskje klart litteraturfanatismen bra, men kva med dykkar norsklærar gjennom fleire år? Og når eg samstundes finn sterke likskapstrekk mellom meg og min engelsklærar i tredje klasse, så kan det hende eg bør revurdere min plan om å bli lærar.

Martin sa...

Ja, så sitter jeg her foran PCen, og skal egentlig skrive etnomusikologiinleveringssemesteroppgave. Men jeg har i steden sjekket mail(mange ganger), sett en fantastisk youtube-snutt om dumme (DUMME!!!) amerikanere(http://www.youtube.com/watch?v=fJuNgBkloFE), skrevet om Twist på Wikipedia(http://no.wikipedia.org/wiki/Twist_(sjokolade)), surfet innom diverse blogger, og sjekket mail igjen, før jeg kom på at jeg måtte sjekke ut denne meg nylig for øret kommende bloggen din. Og den innebar jo ikke så rent lite tid brukt på lesing. Nå må jeg lage eplekaka jeg skal ha med på fest i kveld, og så må jeg vel få meg litt middag. Så får heller etnomusikologien vente...

Marièl sa...

MARTIN! Eg ante verkeleg ikkje at du var så teknologisk av deg(i den tydinga av ordet at du henge på youtube, for det e i alle fall toppen av teknologisk intellekt for meg), og ei heller at du var like ustrukturert som meg. Det gler meg i midlertid at du har vald å setje av litt usakleg tid på å lese litt sitronfresh blogg! eg vil samstundes nytte høvet å fortelje om at eg leverte elleve skrivne sider etno i går!

haha!!! no har eg lese frå bloggen dykkar. Eg lær framleis.

Marièl sa...

er det rart det er krig i verda og bombing og sann? sjekk ut lekkja til martin: http://www.youtube.com/watch?v=fJuNgBkloFE