måndag 5. mars 2007

Sjå Gunnhild: Kreative Mariel slær til igjen!

Altso. I det siste har eg motteke noko spit med bakgrunn i at eg i den siste tida ikkje har vore so effektiv på blogpostfronten som eg plar. Dette er sjølvsagt ikkje noko eg vil ha på meg, då eg tek dette framifrå alvorleg.. So då kjenner eg presset på meg til å skrive noko djupt og reflektert. Problemet er berre at det i skrivande stund er ei skræmande lang stund sidan sist eg verkeleg reflekterte over noko. Ein kan nesten seie at eg i dei siste månadane nærast har flote med straumen utan å sjå meg kring. Trist men sant.

Eg kan sjølvsagt "reflektere" slik som eg plar gjere det i til dømes etnomusikologi-innleveringane.. Der oppgåva går ut på å skrive ti sider drøfting, men som alltid set abnorme krav til eigen kreativitet, sidan det kapittelet ein skal drøfte frå sjeldan eller aldri inneheld meir enn fem sider. Dette vil dermed seie at ein vert tvungen til å vere skapande i heile fem sider, noko som igjen resulterar i framifrå kreative innleveringar frå mi side. Det finst jo sjølvsagt ei løysing på dette problemet som andre vel å ty til; som til dømes å ha 1.55 i lineavstand framfor 1.5, slik det eigentleg skal vere; eller dei nyttar 12.1 i skriftstorleik i staden for 12.. Dette tykkjer eg rett personleg er meir tvilsomt enn å skrive fem sider svada. Det henspeglar jo som oftast på eigen kreativitet i staden for maskinelle hjelpemiddel. Det er faktisk forbausande enkelt å skrive svada. Dersom du les teksten ovanfor ein gong til, men denne gongen freistar å finne ei meining, vil du knappast finne det. Trikset er visstnok å forkle setningane i mange nok spanande uttrykk. Her er nynorsken også til stor hjelp. Nynorskkunnskapane til førelesarar ved norske universitet er skremande dårlege, slik at dersom du vel å skrive på eit litt kreativt nynorsk, trekkjer språket opp uansett kva du finn på å setje på papiret. Hugleik på staur vert til dømes høgt prisløna saman med ord som åtgaum og ymist. "Razzle Dazzle them", so Richard Gere seie det i Chicago...

Apropos Richard Gere: Han likna litt på ein hund.. Ein sann hund som han der onde Sid har i Toy Story I, dersom det er nokon som har sett den. Ikkje nåke negativt om Richard Gere, also, han kan gøtt få meg anyday( dette er i mine auge ein som bør kategoriserast som "gamalhot"; takk til Ragnhild), berre ein av dei tankane so e håplaus å bli kvitt dersom du tilfeldigvis sit og ser på ein film som tilfeldigvis har litt Richard Gere i seg.

Apropos film. Eg var stad og såg "Last King og Scotland" her i førre veke. Filmen handlar overraskande nok ikkje om ein skotsk konge, men om Uganda sitt maktsjuke statsoverhoud Idi Amin "Dada". Han var ikkje heilt god, viste det seg. Det var i det heile ein framifrå film, som eg tilrår på det sterkaste å sjå! Men det var ikkje poenget her. Nei. Poenget var at eg sjølvsagt etter å sjå all drepinga og urettferda som rådde, vart sterkt engasjert i situasjonen i Uganda. Eg visste rett og slett ikkje at det var så gale. Men så kom eg på at denne filmen syner til hendingar som gjekk føre seg for fleire år sidan. Og DÅ tenkte eg (syner seg at eg visst har reflektert litt likevel) at det er for gale at det skal ta ein kinofilm til før ein tek til å sjå kva som verkeleg går føre seg der ute i verda. Slik var det også med Hotel Rwanda, ein film som var vel så engasjerande og røyndomsnær i sine skildringar. Eg fekk rett og slett dårleg samvit for at høge lydeffektar og sveitte menn på eit lerret er det som må til for at den vanlege borgar i vesten skal ta til å tenkje etter.

Men kvifor er det eigentleg slik at det finst konfliktar ute i verda som vi klarar å oversjå og ignorere slik? Vi får jo fleire timar med nyhende direkte inn i stovene våre kvar dag! No har jo TV2 klart å hoste opp ein heil nyhendekanal også, for dei som er så heldige å få med seg det... Det er skremande å konstantere at det finst underhaldningsverd i menneskeleg elende. At det går ann å seie noko slikt som at "akkurat i dag er det midtaustenkonflikta som er mest verdfull, og bør få mest skjermtid"...So utan å ta på seg ei formanande rolle, so vart eg litt sint, altso! Er ikkje poenget med nyhendene å få med mest mogleg av det som skjer ute i verda, uavhengig av om det er nordmenn innblanda eller ikkje? Eg berre spør..

So dei seie i nyhendene: No. Heimatt. Denne helga har eg vore heime i fjordfylkjet. Det gjorde gøtt! Men kva er det eg ser i det eg set foten innanfor fylkesgrensa? Ein debatt om kor vidt Sogn og Fjordane bør profilere seg utad med bunad eller ikkje (Talar her om jebussfeiring til kongen og dronninga førre veke, der Sogn og Fjordane stilte med eit fiktivt brurefylgje med bunadar). Det var fleire utflytte fjordingar i Oslo som var skaka over at eit fråflyttingsfylkje som S&Fj kunne finne på å sende noko så gamaldags i klørne på kringkastinga. Dei var rett og slett vonbrotne over at fylkjet skulle framstå som ein stad der ein går i bunad til alle anledningar, og at dette ville hindre tilflyttinga til fylkjet. Etter å ha gått kring med irritasjon over desse elendige argumenta, vil eg gjere som eg plar når heile debatten er irriterande latterleg: nemleg øydeleggje det heile med tilsvarande meiningslause argument:

1. Kjære utflytte fjording: Dersom du tykkjer det er for gale at S&Fj skal vere eit fråflyttingsfylkje som ikkje appellerar til urbane ungdomar som deg sjølv, men at det ideelle er at ungdomar flytter attende til fylkjet; KVIFOR BUR DU DÅ FRAMLEIS I OSLO??

2. Kjære utflytte fjording: Dersom du meinar at S&FJ er eit så gamaldags og lite tiltrekkjande fylkje å flytte til, og som du tydelegvis aldri kunne tenkje deg å flytte attende til, KVIFOR GIDD DU Å DEBATERE?? Dersom du har teke avgjerdsla om å verte buande i hovudstaden, og at S&Fj er eit fylkje i bakleksa, er dette tydelegvis ikkje debatten for deg.

3. Ærleg tala! Det var vel ikkje for marknadsføringa sin del at vi reiste til Oslo? Så vidt eg kan hugse, var det vel tale om ei jebussegåve? Og er det ikkje kva mottakaren tykkjer som er det viktigaste med sleke? Og vart ikkje kongeparet glade og rørte over delegasjonen frå fjordfylkjet? JO! Det er som å debattere over om din gamle onkel burde fått verktygsett til jul i staden for den boka han fekk om livet på vestlandet. Det er tydeleg at han kunne ha trong for verktygsettet til å reparere huset som er til skjemsel for heile grannelaget, men han vart definitivt gladast for boka. Skikkeleg partypoopar å gje vekk noko kjipt i gåve, berre for å tilfredstille eigne behov...
EG BERRE NEMNER DET!.

Det var det! No har eg reflektert litt. Det gjorde godt etter gamalt! no skal eg skrive etnomusikologi-innleveringa mi...

10 kommentarer:

Steffen sa...

Hepp

Eit flott blogg-innlegg, om enn veldig springande. No skal eg ikkje kommentere musikk, Richard Gere eller bunadar, men konsentrere meg om problema som du tek opp.

Altso, det e eit velkjent faktum at vi her i Vesten veit altfor lite om verda utanfor. Mange har nok høyrt om LRA - militsen til den religiøse galningen Joseph Kony i Nord-Uganda - men dei færraste veit kva det er. I det siste har vi heldigvis fått meir fokus på Darfur-konflikten, men det er framleis mykje å ta tak i når det gjeld Afrika, verdselen Vesten valdtok og let liggje att som eit anna ludder (litt pompøst kanskje, men det e sant). Du har faktisk inspirert meg til å skrive ein eigen bloggpost om emnet, når eg tek meg tida.

Derfor e det gode poeng du tek fram, og eg er veldig samd! Har du forresten sett filmen Blood Diamonds?

Marièl sa...

Takketakk. ka so e blogadressa di forresten? eg tenkte eg kunne no leggje den t so slek hotlink..

Steffen sa...

aha! Det va hyggeleg tenkt, eg har jo hopsen.blogging.no, men eg har ikkje aktivert Google-accounten min, om det e den du tenkje på.

PS: Om du no får ei meng e-postar av meg på gmail, so e det ikkje med vilje. Eg prøvar i skrivande stund å sende nokre bilete, men det ve seg liksom ikkje.

Gunnhild sa...

Refleksjonar og sidesprang utan like :p mailadr mi er gunnhild_aardal@hotmail.com

Gunnhild sa...

Steffen! Provde aa sjekke ut blogen din; men gross og gru den var paa bokmaal! Saa saag eg at den heldigvis ikkje var din, men daa har du oppgitt feil adresse.. Eg saag Blood Diamond i Bangkok, bra film, og JA, eg faar daarleg samvit!

Steffen sa...

Hei hå, Gunnhild!

Ehm, den bloggen so står som link på denne sida ska fungere, den har fungert for meg, http://hopsen.blogging.no, men dar e ein annan kar so har nåke liknande har eg funne ut. Og han e på bokmål.

Eg har enno ikkje sett korkje Blood Diamond eller The Last King of Scotland, men det har eg tenkt å gjere noko med!

bassdama sa...

Hei Marièl! Klart du kan ha link til sida mi på di;) eg har gløymt å legge til deg, men skal fikse på det snarare enn du anar:) Så koselig juice!! Eg tenkte dei kom til å gifte seg, kanskje ikkje heilt endå, men ka gjer vel det? Så utrulig søtt! :)
Med meg går det bra! Kosa meg i storbyen og lure stadig på ka eg skal bli.. Er litt lei samansuriet musikk, masse teori og lesing.. ;) Alt bra med deg og trønderane? KLEM

Unknown sa...

Dette har opptil fleire frå klassa mi ledd litt av idag:
"Det finst jo sjølvsagt ei løysing på dette problemet som andre vel å ty til; som til dømes å ha 1.55 i lineavstand framfor 1.5, slik det eigentleg skal vere; eller dei nyttar 12.1 i skriftstorleik i staden for 12.."
for vi har nemleg ein skikkeleg "eg stryker oppgåva di viss eg har sjansen og for det eg kan"- nazi som lærar, og han tar oss på alt. men dette skal eg prøve:)

Uansett. Er så einig med deg om bunad. Eg tykkte det var flott; og kven i alle dagar flyttar grunna bunad på bursdagen til KONGEN!?
Eg blir faktisk så provosert at eg ikkje kan skrive meir enn at alle andre likte gåva vår, så kvifor kan kje vi gjer det sjølv? Eg tykkte det var flott!

randi sa...

Maaariel! Gleda meg te NM! :D hurra! ka korps spela du me egentlig??

Edi Nasution sa...

hi maybe you want to open my blog about Mandailing arts & culture:
httP://edinasutution.wordpress.com/
thanks
best regards,
edi nasution