søndag 11. mars 2007

Dagens ustrukturerte:

ÅGUBBEVARE! Eg HAR so dårleg sjølvdisiplin, eg! No har eg sete i to dagar for å skrive den MYKJE omtala og STERKT utsette etnomusikologiinnleveringssemesteroppgåva. Det var snakk om gøtt og vel 20 sider som skulle lesast på engelsk, for deretter å oversetje til morsmålet og få trykt ned på ti sider. Ikkje ei totalt uopnåeleg oppgåve, med andre ord, men eg har sannsynlegvis klart å setje ny rekord på tidsbruk. Det verste er at vi har hat nærare to månadar på oss til å skrive den, men eg har klart å utsetje den lengst mogleg, slik at eg rakk å få ei semesteroppgåve nr. to deisande i hende, som skal inn dagen etter denne som eg har utsett.
Grunnen til at eg utset ting trur eg har med å gjere at eg trur eg arbeidar best under press. Men det er jo berre crap. For no har eg sete i to dagar og TRYKT meg gjennom desse 20 sidene (eg er ferdig no also mamma). Men poenget her er at eg sit i kanskje ein time, (ein time som inneber ein god del stiring ut glaset, usakleg søkjing på internett, lytting på musikk, teikning i margen, eller berre ufortent interessert stiring og reflektering over skjermspararen min) og so tenkjer eg at "huff, NO har eg jammen vore produktiv, no må eg ha ei pause" Og so tek eg meg ei pause som varer i tre timar for å sjå dansefeber eller reprisar på farmen eller å gå på do eller å vaske opp eller å drikke vatn. Og slik går det heile i syklusar.
Som du ser er dette ganske skremande: Det synest meg faktisk meir freistande å ta oppvasken enn å site ved dataskjermen! Det verste var nok då eg vurderte å ta meg ein joggetur i staden for å skrive (loco tilstandar). Men som sagt; no er eg altso ferdig. Og so tenkjer eg "då har eg gjort meg fortent til litt fri". Og so endar eg opp med å sjå på TV i staden for å gjere nyttige ting som å øve.

Ein positiv bieffekt ved denne tilstanden er jo at eg legg merke til nye ting ved kvardagen som eg elles ville ha tykt var keisame. Til dømes har eg i dag oppdaga at:
1. Eg har ulik styrke på brilleglasa mine (noko eg fann ut ved at eg tykte det måtte vere interessant å ha brillene opp ned ei stund, og som resulterte i at eg vart umåteleg svimmel)
2. Eg tok meg også i å sitje å reflektere over kor mange ulike variasjonar ein akkord kan ha ( då måtte eg jo sjølvsagt freiste å synge dei også). Så då fekk eg øvd litt på det; noko eg vanlegvis sjeldan gjer.
3. Så fikk eg sjekka kor vidt eg hadde ein audioplugg som kobla to han-koblingar opp til ein liten jack-inngong, slik at eg kunne koble datahøgtalarane opp mot platespelaren. Det hadde eg ikkje.
4. Så har eg funne ut kva det heiter når du bind bokstavar saman med fargar; nemleg synestesi, og at m.a. Olivier Messiaen hadde dette, og at han skreiv ei bok om korleis han såg alle akkordar føre seg i fargar (dette måtte eg jo sjølvsagt freiste ut, og eg enda opp på pkt. 2 att).
5. Eg lærte meg "det sit ein fugl" på tinnfløyte..
6. Eg sette opp eit budsjett over neste månad sine utgifter.
7. eg sjekka mailen fem gongar, og var innom bloggen min tre...
8. Eg såg på gamle Home&Away- episodar frå 1994.
9. Eg filte alle neglene mine to gongar.

Når eg ser attende er det i det heile teke eit under at eg kom ut på andre sida av den oppgåva. Det verste er at faget eigentleg er interessant.

6 kommentarer:

Unknown sa...

haha, SÅNN har min dag vore òg! Fantastisk!:) Men eg har vaska og sånn då, og har eigentleg vore ajour med det meste eg skulle gjort, så det er ok. :) Men det blir litt sånn.

Dessutan har eg sjekka ut dette med forhold mellom dei to skodespelarane i Home & Away.

Steffen sa...

Hehe, dette minner meg sterkt om Tommy og Tigern, der Tommy har utsett ei skuleoppgåve i det lengste.

Tommy: Eg arbeider best under press

Tigern: Du arbeider berre under press


Elles er det jo slike tilhøve som skapar filosofar, så du skal sjå at all reflekteringa di før eller seinare endar i eit lengre filosofisk verk.

Steffen sa...

Dessutan: Når du faktisk vurderer å jogge, då er det noko seriøst i vegen. I slike tilfeller, pust djupt inn, et sjokolade (gjerne litt kjapt) og så mistar du all lysta på kort tid. Ein sikker vinnar!

Unknown sa...

vel. Det man IKKJE vil gjere er å sjå nye episodar. Med mindre man har alle i mellomtida, og det har man sjeldan. Merka meg dette med forsvunne skodespelarar då eg var på den offisielle sida for å finne ut dette forholdet.

Og viss du vil vite korleis det er så må du fortsetje å lese, viss ikkje, stopp:

Hayley og Noah som privatpersonar har vore saman, men gjorde det slutt etter at dei fann ut at dei var meir vener enn kjærestar. Korleis det går med han er eg ikkje sikker på, men ho har funne seg ein ny, som ho iallfall er forlova med (ganske gift tilogmed, det hugsar eg ikkje), og skal ha baby med. Sikkert difor ho er ute, men det står på sida deira at ho skal vere gravid I serien.

Gunnhild sa...

Fantastisk lesning! Eg har store planar for struktur og rutine til neste aar, du veit jo meg; Eg er iallefall god paa planar. Du er god til aa interessere deg for alt i heile verden og laere deg det (ka i all verden er han-kopling? Eg boyer meg i stovet...)

Marièl sa...

Tusen takk for det! Ei han-kopling er det motsette av ei ho-kopling(faktisk er namna blitt til på bakgrunn av reint fysiske og seksuelle fakta).. Dersom du ser for deg dei to pluggane til videospelaren som er henholdsvis kvit og raud, så er det to han pluggar, sidan dei har ting som stikke ut.. Motparten vert då holet som du skal stikke dei dingsane inn i; ein ho-plugg. ganske perverst.. Men det hadde eg altso ikkje..