Nok ein dag og nok ein bloggpost! Fantastisk!
Etter ei helg med mykje blading i den nye og fantastiske boka "1001 album du må høre før du dør", nok ei framifrå bok i 1001-serien, har det gått opp for meg at eg saknar 60 og 70-talet! Altså; ikkje at eg trur at eg er reinkarnert frå ein hippisjel, men fordi på den tida var ungdommen ungdom saman med resten, og det opprøret dei gjorde virka så mykje enklare enn dersom ein vil gjere opprøyr i dag. For på den tida var ungdomsopprør og ungdomstida ei ny oppfinning, og du måtte liksom ikkje ty til sleke ekstremar for å riste litt ved tilveret! Dersom du i dag som ung gjer ein freistnad på sprell som skulle stå i forhold til dåtida sine normar, ville ein i dag måtte ramponert fleire bygningar, sett fyr på eit parogfemti bilar osb. Medan det på 60 og 70 talet var riktig på kanten dersom du valde å tenne på ein gitar på scena (jf. Jimi Hendrix) eller gjere som the Who og knuse gitaren din. Eller du kunne gå i jeans, med fletter i laust og fagert hår for å vise at du var ein riktig freak. Skjønar du kvar eg vil? Dagens parallell er vel å gå ikledd lakk og lær på opa gate. Og sidan eg ikkje er innstilt på korkje å gå i lakk og lær eller brenne ned eit heilt nabolag, vert ein brått stempla som kjedeleg og lite fargerik. Du tenkjer kanskje at; jaja, ein har då også i dag ungdommar som gjer opprør utan å ta den så langt ut! Jau, dette er eg heilt samd i. Dagleg ser ein jenter med klorbleika jeans, platinableika hår,, magen bar og så mykje eyeliner at auga vart reduserte til små glip langt der inne i det tyggistyggjande og spritdrikkande fjortisandletet. Og blant gutane er du skikkeleg vill dersom du sæggar og gjerne snusar porsjonar på storleik med ei medium size pære. Kvifor kan ikkje ungdomsopprøyret vere litt meir smakfullt???? Og litt meir sameins? Det finst nok dei som er tåkete nok til å innbille seg at du er ordentleg crazy dersom du fylgjer dei ovannemde retningslinene; men den aller fleste ungdomen vil vel vere samd med meg i at dette ikkje er den rette måten å definere ungdom på! Nei, det var enklare på 70-talet, der alt du trong for å vere riktig hipp var ein radio innstilt på radio luxembourg, eit par kroppsnære jeans og ein gitar!
måndag 15. januar 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar