torsdag 22. mars 2007

Today the M-woman is happy cause the M-woman hath playeth the blues on the saxophone, and it was beautiful.

I dag har eg hengt så mykje med nordlendingar at eg til og med har nordnorsk tonefall på fake-engelsken... Eg trur det er eit varselsteikn! Særkild når eg tek til å omtale meg sjølv som the M-woman, og tek bilete av meg sjølv med teikneserie-effektar!

I dag har eg reflektert over ein ting, mine vyrde musikk-vener! I satslæra si and:
Trur de at Bach var medviten om kva han eigentleg skreiv, eller trur de han berre var heldig og var på rett stad til rett tid? For det var vel ikkje akkurat ein sterk tradisjon for å skrive firstemmige koralsatsar i eit bestemd tonalt forlaup så lenge før Bach, var det vel? De trur ikkje kanskje at det var slek at Bach ein dag var så lei av dei gamle kyrkjetoneartane at han var heilt vill, og freista å eksperimentere? Eller at han ikkje visste betre? Det er jo påtageleg at han ikkje var godkjend i si nære samtid, og at stilen hans vart plukka opp att på 1800-talet, men då fordi det var popis å skode attende til gode gamle dagar, og at det er difor ein reknar Bach som det ultimate førebiletet i dag?

Eg er i alle fall sikker på at han berre skreiv noko, og so i etterkant har vi avgjort at det er dette som skal vere rettesnora for all satslære. At det er lov å gå frå subdominant til Dominant, men ikkje omvendt, og at sjuaren skal ledast ned, medan trearen skal opp, berre fordi Bach gjorde det.
Eg trur rett og slett Bach berre var ein løkki bastard. All ære for det altso; johannen i våre hjarto! Men dersom til dømes eg sleng fram eit vilt framkast til ein sats, som ikkje fylgjer nokre av dei eksisterande retningslinene; kjem eg då til å verte ein satslærehelt i framtida?

This must the M-woman reflect some more upon! Until then: stay in the tonic cadence!

4 kommentarer:

Steffen sa...

Hepp!

Eg veit eigentleg ikkje om eg er så skikka til å kommentere på dette, sidan dette er meint for musikkunnige, noko eg ikkje kan kalle meg, trur eg. Men likevel, eg prøvar til.

Om du lagar ein sats som bryt fullstendig med dagens retningslinjer, så skal du ikkje sjå vekk ifrå at du kan bli eit kulturikon om nokre hundre år, nett slek so han Johan. For kanskje er dagens avvik morgondagens normer?

Har ikkje Bach dessutan sagt at alt som er skapt av menneske er ei oppfinning, også musikkstykke? Altso kan du kalle deg oppfinnar dersom du dreg ein litt radikal sats, og kanskje vert du hylla som Woman of the Millennium ein eller annan gong i framtida! Stå på!

Marièl sa...

Det var planen min!

Steffen sa...

You go girl. Berre gjer eitkvart radikalt i samtida, så er ettermælet sikra. Avskaffe fattigdomen er ein god start, og der kan du sikkert nå langt med saksofonen, eller orgelet.

Men det er noko eg lurer litt på. Eg liknar ikkje lenger Aristoteles, bør eg skrive ein blogg om prosessen?

Synnøve sa...

Som musikkstudent, og di tidlegare lærarinne, vert eg varm om hjartet når eg ser slik filosofering. Stolt av deg!:) MEN; gud beire meg for ein real nerd du er. Og eg trur du tek det på ein god måte?:) Heilt klassisk tilfelle av ekte musikkstudentfjas det du skriv. Men godt at nokre framleis driv med dette fjaset. Eg har forsåvidt inga interesse av å filosofere om Bach og satslære, då eg ikkje tykkjer så altfor mykje om nokre av delane. DERIMOT, kjære Mariel, har du tenkt å ta eit ekte comeback til Firda som lærar ein gong i framtida?