søndag 11. mars 2007

YouTube: Pest in The time of Colera.

Jaja. Som tidlegare nemnd har dagen gått med til ymse unødvendig, som å surfe på youtube. Fyrst sjekka eg ut Home&Away-episodar etter å ha vorte inspirert av Gunnhild som er i Australia og Isabel(som ikkje er i australia, men som og har hengt på YouTube). Men dette enda med at eg vart sittande å sjå på episodar frå framtida (sidan vi framleis er på episodane frå 2004 her i Noreg). Dermed fekke eg mindre trivelige frampeik om kva som skjer i framtida. Altso; ikkje det at episodane var så utrivelege i seg sjølv, men dei insinuerte at mindre hyggjelege evenement vil finne stad i dei to komande åra med vår favoritt daytime-såpe. Og SO hadde dei fått nok ein introsongar som ikkje høyrtes ut som han hadde det så godt. Så derfor legg eg ikkje ut link på desse..
Men: det eg også fann var ein festleg tysk mann i nittitals-outfit som mima ein samurai. Kanskje ikkje ditt fyrsteval, seier du kanskje.. Men sett vekk frå at han er tysk og frå nittitalet, tok eg meg sjølv i å humre eit par gongar:
http://www.youtube.com/watch?v=qtwdYDEsJpY

Åherligheit! So teit, men likevel so bra!!
http://www.youtube.com/watch?v=P2tvJtYG9iA

http://www.youtube.com/watch?v=QWYcgC56DtU

Over til noko langt meir valdeleg og skummelt, men likevel fengslande. OG: Gjet kva! Den Siste Samurai var visst ikkje den siste likevel!
http://www.youtube.com/watch?v=yJmQXqXpuEA

2 kommentarer:

Unknown sa...

Vel. eg er ikkje mykje betre eg heller. Er stolt av å bli nemnd i bloggen din:)
og om du har msn og andre fancye greier, så er adressa mi forgett_itt@hotmail.com (lang historie om den adressa), så kan vi snakke der. Eg trur vi, når vi eigetleg skal gjere andre ting og heller dilla, kan ha rimeleg artige samtalar der.

No gler eg meg til å sjekke ka du har sjekka på YouTube idag.
Skjøner plutseleg kvifor Odd Nordstoga og sånn tykkjer YouTube er så bra:)

Jules_4 sa...

Du Mariel du Mariel :):)
Youtube er så fantastisk!

Men, heime hos meg på hybelen min, så er YOUTUBE SPERRA! For eit overtramp mot oss som likar å sose litt der og få gratis underholdning!!
Nettet mitt går igjennom noke sånnt kommunalt greier, så eg har ikkje youtube, ikkje flickr, og ikkje myspacemusic eller noke som helst som har med nedlastinga å gjere! Argh ! Men, men.. Takk til opent og usensurert internett på skulen!

I dag er en alt for tidleg mandags morning i kantina på skulen... Snork!