fredag 2. mars 2007

TM-oppsop...

Endeleg heime!! Fyrste heimreis etter jul. No har jo alle allmennfagstudentane det dei vel å kalle "tiltaksveke", der dei eigentleg skal studere, men der halvparten likevel vel å ta seg fri og reise heim. Og i sympati valde eg å reise heim eg også... Tykte det var på tide med litt mamma- og pappakjærleik.
en det er eigentleg ikkje dette denne bloggen skal handle om. NEI! Det er ei oppsummering av TM, eller trøndersk meisterskap i korps som gjekk av stabelen for nokre veker sidan, men som eg ikkje har fått gjort noko med sidan. So no kjem ei kort bileteoppdatering som lova:


Sonen til Gunnveig tykte det var kjekt å fotografere. Det tykte eg og, så vi tok like så godt bilete av einannan...


Litt nervøs venting før det store stuntet.



Før og etter: Vi hadde fått streng beskjed om heilt svart antrekk på konkurransen; men det var tydelegvis nokre som ikkje var heilt med på det.

Papsen kom med nye sko.


Åsvang og Eberg skulekorps...Korpset som eg har stole klarinetten til..



O MEKTIGE NMF; eller Norsk Musikkorps Forbund; som dei likar å kalle seg. Eit veldig mussikkorpst forbund, med andre ord.


Kan få. Må spele fint. (Eller i mitt tilfelle: fake for harde livet!)


VENTE PÅ PREMIEUTDELING!!



Og for dei som no sit att med usvara spm, kan eg opplyse om at Strinda Ungdomskorps kom på 3-plass, og at vi fekk pokal.

1 kommentar:

Gunnhild sa...

Ojoj, korps Mariel? Paa tide med en ny blogpost iallefall, du lever ikkje saerleg opp til ditt rykte som kreative Mariel om dagen kva det angaar blog, men eg skal gi deg endaa ein sjanse - bra start ;)