søndag 4. mars 2007

Not 2Do

Dette er eigentleg ein blogpost som eg har hanta frå min førre blog, og dermed kan det gøtt hende at du har lese dette før; men etter nøye og lenge gjennomtanke, har eg kome fram til at eg gjer samfunnet ei teneste ved å gjere dykk merksame på kva det kan vere lurt å halde seg vekke frå. Dette er sårt tileigna eigne erfaringar som framleis sit att i kroppen...

1. Ikkje varm hardkokte egg i microen.
Konsekvens: Pang! Og egg på veldig mange spanande stader.

2. Prioriter å sjå framfor deg i staden for attende deg dersom du finn deg sjølv syklande mot ei elv.
Konsekvens: Framhjul fast i elverist, samt eit ufriviljug bad i elva.

3. La ikkje plastbollar med brøddeig stå oppå varm keramisk topp.
Konsekvens: Det syner seg at smelta PVC ikkje luktar godt, samt at det er vanskeleg å få den smelta plasten laus frå plata, og at det tek nærare to veker før kjøkensona returnerar til det gamle. Dessutan er det ein veldig lite praktisk måte å steike brød på.

4. Freist ikkje ironi i trøndelag.
Konsekvens: Ingen skjønar at det var ironi du freista, og alle trur at du er skuldig sosiale antenner.

5. Set aldri ei gryte med kokande olje under rennande vatn.
Konsekvens: Ei fin fontene av kokande olje, samt fritering av deg sjølv.

6. Freist aldri å sløkkje eit telys ute av kontroll med restane i ølglaset ditt.
Konsekvens: ei fin fontene av varm stearin, og fritering av deg sjølv, samt at du får ein veldig fin pyroeffekt.

7. Aluminiumsfolie i micro er regelrett dumt.
Konsekvens: Pang, knitre! samt kortslutning av heile den elektriske kreitsen.

3 kommentarer:

Unknown sa...

Du kan godt skrive at man bør prioritere å sjå framfor seg om man syklar mot ein parkert bil òg, helsing ho som kræsja i bilen og hoppa over bilen med skjørt og det heile. Er ikkje så sæxi når halve skulen ser trusa di.

Elles er istid ein super barnefilm, min bror brukar òg å sei replikkane på den. Systra mi òg forresten!:)

Når det gjeld festbussen; var den lilla/rosa? Snakka du med dei? Hadde nokon moods- klede på seg?
For då må du kanskje feste litt med meg i staden, og få eit betre inntrykk av festande Svelgarar. Det er ikkje alle i DEN bussen som er heilt superfantastiske, for å sei det sånn. Ikkje det, eg har festa i den bussen nokre gongar sjølv.

Idag skal eg gå på Fløien. Dagen derpå <3

Gunnhild sa...

Fantastisk Mariel! You made my day! Kjartan er lei seg for at han ikkje fekk med seg ski-vm, eg visste ikkje at det var ski-vm. Kjartan vil ogsaa rose deg for det flotte spraaket, eg faar det litt opp i halsen (ufriviljugt?) men likar deg fordi om.

Steffen sa...

Ein annan viktig ting å ikkje gjere, er å koke seg litt mjølk tidleg om morgonen, og så gå å leggje seg nedpå mens mjølka kokar.

Konsekvens: Mest sannsynleg duppar du av, medan mjølka lever sitt heilt eige liv. Dette fører til at mjølka kokar over, noko som igjen gjer til at kjøkenet stinkar i ei god stund framover.