søndag 21. januar 2007

Er du ein maur?

I dag er det sundag. Det er hyggjeleg tykkjer eg. Og som det seg hør og bør og av og til hender seg, har eg sunge på gudsteneste med Domkoret i dag. Det var også hyggjeleg, og særskild hyggjeleg med dåp og masse små ungar og familiar. Elles har eg øvd og hatt på meg alt for glatte sko. Herved døypt "skiskoa". Hadde eg vore mamma hadde eg nok antageleg kjefta på meg for valet av akkurat det skotyget. Apropos skotyg er det relevant å nemne at eg har kjøpt meg to nye par sko, og at dermed oppe i eit totalt antal på 42 skopar. Ingen av dei var vintersko, som eg eigentleg var på utkik etter. Men no bikkar det jo mot vår, og strenkt tatt, ka skal ein med vintersko då?

Also: Sidan sist har eg tenkt på mykje rart. Men det eg tenkte mest på her om dagen, er noko som eg haure på fagleg forum der vi riktignok hadde om improvisasjon, men som eg likevel beit meg merke i i samanheng med at ein snakka om samhaldet som var grunnleggjande i ei gruppe dersom ein skal ha ei von om å få til ein relativt vellukka improvisasjon (her i musikksamanheng, men også elles i samfunnet). Det som var sagt var følgjende: "tenk korleis situasjonen, samfunnet og historia hadde sett ut dersom ein i staden for hovudsakleg å tenkje individuellt la vekt på det kollektive! Korleis det hadde vore dersom ein hadde snakka om det beste for "oss" i staden for det beste for "meg"!" Ikkje berre i idealistisk tyding er ein må tenkje på andre framfor seg sjølv, men dersom det rett og slett hadde vore slek at ein ikkje var utstyrt med anna enn ei kollektiv verdsforståing! SKuMMEL TANKE! Eg trur det er slik maurane har det: At du ikkje har eit sjølvbilete eller forståing av deg sjølv som eit individ. Alt du gjorde ville vore underordna heilskapen og på ein direkte måte fått innverknad på deg sjølv og livet ditt, i staden for den situasjonen vi ser i dag, der ein kan bere seg åt som ein vil i rike land, medan det er andre som får svi for det. Trass i at det er ein skummel tanke, hadde det kanskje kome noko positivt utav det! Det ville jo sjølvsagt ikkje vore eit diskusjonstema med krig og fred og sann, og svolt, katastrofar og liknande som var menneskeskapt ville truleg heller ikkje eksistert. Men alle desse godene ville sjølvsagt teke plassen til sjølvet. Og det er vel heller ikkje umogleg at ein ikkje ville ha vore nøgd med tilveret sjølv kor fin verda var og kor godt alle hadde det, altså ville ein ha vore attende til utgangspunktet. Det er vel logisk å anta at ein ville ha store problem med noko form for gledeskjensle i det heile teke, fordi slik som eg opplever det, er det jo dei små augneblenkja av individuell lukke som gjer deg glad og tilfreds. Å ta ansvar for seg sjølv slik at ein klarar å oppnå denne kjensla er ikkje vanskeleg. Men sjå derimot føre deg den innsatsen ein må leggje ned for å oppnå tilsvarande kjensle for seks milliardar menneskje! Derav kan ein trekkje konklusjonen at denne lukkekjensla, enn kor kort og flyktig den måtte vere, må vere vanskeleg, for ikkje å seie umogleg å oppnå. Det ville nok vore ei blass og keisamt tilvere...

MEN! Dersom ein til dømes hadde vore eit individ underordna mengda, som eg trur det var førelesar ville fram til, hadde det kanskje sett lysare ut! Dersom ein eksisterte som eit individ, men at det du føretok deg, og den skaden du påførte andre, umiddelbart fekk innverknad på deg sjølv. (Og VIPS så var vi attende på den idealistiske og klissete staden det eg plar rote meg vekk... ) Det er jo sjølvsagt slik verda BØR vere! At ein er så trygg og sikker på sine omgjevnadar at ein veit kva som vil gjere godt, og kva som vil gjere skade, på grunn av at ein kjenner dette på kroppen. At alt ein gjer har eit høgare mål enn berre å tilfredsstille sitt eige ego, men at du sjølv er definert ved det du gjer for andre. For meg er dette det som skapar den tidlegare nemde gledeskjensla. Nemleg at ein brått er klar over at ein gjer ei god handling eller at det går opp for ein at ein i utgangspunktet lever i ei god verd. Så det gjeld med andre ord å finne ein middelveg, tenkte eg på. Å klare å kombinere tanke på eige ve og vel med tanken på andre sitt ve og vel. Eg tvilar på at ein kan finne langvarig glede korkje i egoistiske handlingar eller i handlingar som ikkje har noko tyding berre for samfunnet, men ikkje for deg sjølv.

DET VAR DAGENS MORALFILOSOFI! No fylgjer ei lesaroppgåve:
No kan du gå og freiste det sjølv: Gje nokon eit kompliment eller gjer noko fint for andre! Men hugs: ikkje gjer det på eit falskt grunnlag, der du ikkje meinar det fine du gjer! Gjer det fordi du meinar det og bryr deg! Det er kjekkast!

2 kommentarer:

Marièl sa...

hei og hå

Steffen sa...

Det beste med slik venstreorientert drøyming er at det er vakkert!

Verda vi lever i no for tida, er eit resultat av dominerande høgreorienterte krefter. Viktige historiske ismar som imperialismen, merkantilismen, kapitalismen og nasjonalismen har alle tradisjonelt vore høgreorienterte. Sjølvsagt har venstresidar nokre bommertar med sin kommunisme og anarkisme, men desse har ikkje dominert historia i same grad some dei høgreorienterte ismene.

Det som gjer saka så mykje verre, er at dei som prøvar å endre situasjonen, gjerne nyttar seg av høgreorienterte metodar (jamfør krigen i Irak) og som Benjamin Franklin sa det: Berre idiotar forventar nye resultat med gamle metodar. Altso: Skal ein stoppe krig (som i seg sjølv ikkje er eit fenomen einerådande for høgresida)så går ein til krig. Dersom det er mistanke om at dette landet vil gå til krig, ja så går ein til krig fyrst for å hindre krig. Logisk brist? Neidå, berre det som i USA vert kalla pre-emptivity.

Men eg føler at denne høgrehetsen kanskje bevegar seg bort frå hovudtema:

Eg for min del er glad for at menneske er ulike. Eg grøssar ved tanken på alle tekniske tilbakesteg det ville ha blitt om alle var som meg. Men samstundes har eg, som den venstrekristne eg er, brennande tru på det kollektive i å hjelpe kvarandre. Altruismen, nestekjærleiken og tolkingar av dei evangeliske dogmene. Nokre meiner dette er motsetnadsfylt, men det er berre den gylne middelveg. Ikkje tilnærma lik preventiv krigføring.