onsdag 31. januar 2007

By Technicolor:

Dagens post er dedikert til hjernen. Nærare bestemt min hjerne, og er som alle dei andre blogane eit framkast der eg forventar den same utrulege responsen som på dei tidlegare postane (...)

bakgrunnen for denne blogposten er ein diskusjon som eg hadde i går, der det gjekk opp for meg at det finst fleire der ute i verda som har ein tendens til å kategorisere alt i fargar. Dette inspirerte meg til endå ei liste; nemleg ei lett oversikt over kva fargar som er med på å gjere min kvardag litt meir fargerik. Dette er sjølvsagt ei heilt unyttig liste, men eg gjentek at eg gjer det kun for å sjå kva den generelle forståinga er.

BOKSTAVAR:

A- blå
B- gul
C- indigo
D- grøn
E- raud
F- grøn
G- grøn
H- indigo
I- lysegul
J- orange
K- blå
L- Raud
M- raud
N- orange
O- grøn
P- raud
Q- grøn
R- grøn
S- raud
T- blå
U- gul
V- grøn
W- blå
X- grøn
Y- orange
Z- raud
Æ- gul
Ø- grøn
Å- indigo

TAL:

1- lysegul
2- svart/indigo
3- gul
4- blå
5- raud
6- orange
7- grøn
8- indigo
9- rosa

Følgjeleg vart alle årstal ganske fargerike.
Døme: 1907: rosa(19) og grøn(7)
1881: kvit(1) indigo(88) kvit(1)

Dessutan kjem forståinga av ulike bokstavar som særskild "kvadratiske". Dette trur eg har ein samanheng med at dei har fargar som tilsvarar kvadratiske tal sine fargar (Til dømes er A, H, K, W og Å kvadratiske bokstavar.) Dette trur eg har ein samanheng med at dei er symmetriske om ein akse.

Basert på alt dette er det også enkelt å planleggje fram i tid:
1. Kvar månad har sin farge basert på fyrste bokstaven.
2. Kvar dato har sin farge, på bakgrunn av talet
3. Kvart klokkeslett har sin farge på bakgrunn av talet.
Kvar hending vart fint putta inn i dette systemet.

Det heile vert enno enklare dersom ein i tillegg ser for seg året i bolkar...

Dette vart alt for no, for eg kjenner at eg er ganske svimmel av all denne tenkinga, så no trur eg eg går heim og lagar kyllinggryte.

1 kommentar:

Unknown sa...

Laga de ikkje blå og raude bokstavar av typen Vokal og Konsonant då de gjekk på skulen?

For det gjorde vi, og eg klarar ikkje å sjå fargane med andre fargar enn dei, eg. :)

Elles ser eg året som eit underleg forma åttetal og veka som ein halv sekskant! :) -eg er litt matematisk av meg på sånt.