torsdag 22. mars 2007

Today the M-woman is happy cause the M-woman hath playeth the blues on the saxophone, and it was beautiful.

I dag har eg hengt så mykje med nordlendingar at eg til og med har nordnorsk tonefall på fake-engelsken... Eg trur det er eit varselsteikn! Særkild når eg tek til å omtale meg sjølv som the M-woman, og tek bilete av meg sjølv med teikneserie-effektar!

I dag har eg reflektert over ein ting, mine vyrde musikk-vener! I satslæra si and:
Trur de at Bach var medviten om kva han eigentleg skreiv, eller trur de han berre var heldig og var på rett stad til rett tid? For det var vel ikkje akkurat ein sterk tradisjon for å skrive firstemmige koralsatsar i eit bestemd tonalt forlaup så lenge før Bach, var det vel? De trur ikkje kanskje at det var slek at Bach ein dag var så lei av dei gamle kyrkjetoneartane at han var heilt vill, og freista å eksperimentere? Eller at han ikkje visste betre? Det er jo påtageleg at han ikkje var godkjend i si nære samtid, og at stilen hans vart plukka opp att på 1800-talet, men då fordi det var popis å skode attende til gode gamle dagar, og at det er difor ein reknar Bach som det ultimate førebiletet i dag?

Eg er i alle fall sikker på at han berre skreiv noko, og so i etterkant har vi avgjort at det er dette som skal vere rettesnora for all satslære. At det er lov å gå frå subdominant til Dominant, men ikkje omvendt, og at sjuaren skal ledast ned, medan trearen skal opp, berre fordi Bach gjorde det.
Eg trur rett og slett Bach berre var ein løkki bastard. All ære for det altso; johannen i våre hjarto! Men dersom til dømes eg sleng fram eit vilt framkast til ein sats, som ikkje fylgjer nokre av dei eksisterande retningslinene; kjem eg då til å verte ein satslærehelt i framtida?

This must the M-woman reflect some more upon! Until then: stay in the tonic cadence!

måndag 19. mars 2007

Sitronfresh!

endeleg er eg ferdig med alle innleveringane! Etter ein god del vakenetter og tenners gnissel kom eg endeleg ut på andre sida! Eg veit eg får det heile til å høyrst ut som noko som kan få ein kvar tvilar til å bikke i retning av å velje vekk vidare utdanning, men sanninga bør vel eigentleg kome for ein dag: Det er eigentleg fullt og heilt min eigen feil. For som du kan sjå ut frå ymse tidlegare bloggpostar, er det heller andre ting eg vel å sysle med når eg eigentleg bør vere produktiv... Men no er eg altså ferdig. Det gjorde godt!

Eg har eit nytt livsprosjekt på gang! Eg har bestemt meg for å verte kjernesunn! Dette tykkjer eg må vere eit godt mål! For det fyrste så er det meir positivt ladd enn til dømes å verte "slank" eller "sunn" eller det verste; "veltrena" Tre ting som eg tykkjer ber litt leie assosiasjonar til miss Noreg-deltakarar eller kroppsbyggjarar, to kulturar som eg korkje vil eller kan vedkjenne meg.. Dessutan har eg etter litt empirisk forskning blant vener og kjende funne ut at det er heller få som har klare tankar om kva som ligg i dette omgrepet. Dermed er det eit ganske ope omgrep, som eg i grunnen kan fylle med kva eg vil. Sann at eg i grunnen kan erklære meg kjernesunn anyday, utan for mykje stress og treninga og slanking. Eg har bestemt at det er eit mål eg skal nå ved hjelp av: spaserturar, eple-eting, multivitaminar og vanleg sunn kost. Og kanskje litt sjokolade i ny og ne. Så ein kan kanskje seie at omgrepet "kjernesunn" også inneheld ein klausul om både indre og ytre velvere. Men for å vere heilt ærleg, trur eg nok at eg har eit bilete av det å vere kjernesunn som noko på line med det å vere litt budeieaktig.. Eg bør med andre ord få meg ei ku...

No har eg forresten forvilla meg inn på facebook; denne nyvinninga som visstnok skal vere den siste store hypen. Og eg; det trend-ikonet eg trass alt er, må sjølvsagt vere fyrst med det nye.. eg har vel eigentleg ikkje vore eigar av ein facebook-konto lengre enn høgst eit par timar, så eg veit eigentleg ikkje så mykje om kva det inneber enno. Men eg satsar på at det kan syne seg å verte eit bra forum for å finne att gamle vener. Det er berre synd at det viser seg at det er få eller ingen av mine gamle vener frå vidaregåande og ungdomsskulen som har vald å ta steget inn i denne trendverda... Så førebels nøyer eg meg altså med den litt tilfredse kjensla av å ha ein konto der, samt å vere medlem i nynorsk-gruppa.

Over til noko fulstendig anna: Ute er det 15 cm nysnø... Trist men sant. Scootaren og vårskoa mine vart veldig triste. Eg hadde sett fram til å gå våren i møte eg no.. Eg har jo allereie hatt den fyrste våropplevinga (ein dag med solbriller, samt å gå utanfor døra i gensar). Men den gong ei. Trøndelagen har i løpet av eit få timar funne vegen frå blømande og grønkande til vinterkvitt, og det er snart på tide å finne fram skia att.. Dei har rukke å verte støvete sidan forrige skitur, eit definitivt teikn på at våren var i emning.

Dette vart i det heile ein ganske så uinspirert bloggpost, mest for å skrive noko. Men vi får sjå på det som ei oppvarming. Den godbeten av ein bloggpost som eg hadde på gang, forsvann, og eg fann han ikkje att.. eg gløymer å notere det ned.. Men heilt til slutt vil eg berre seie at kakene på mormors i går var framifrå!!! Det var i det heile ein god sundag i går! Fyrst var det gudsteneste i domen, så kakebuffet på mormors, og deretter ein spasertur ute i dette nyoppståtte vinterlandskapet. No skal eg sjekke ut facebook.

onsdag 14. mars 2007

Still Alive!!

Jajaja.. Sjølv om det altso har gått lang tid sidan førre bloggpost (i alle fall utifrå mine blogvanar), så vil eg berre kort informere at eg framleis er i live, sjølv om det no kjem til å gå ei stund før neste innhaldsrike post. Dette betyr ikkje at eg har gjeve opp blogglivet, men berre at eg freistar å redde meg gjennom ein del innleveringar og litt korps og sann.. Men når eg er ferdig med DET, då kjem det nok ein skikkeleg godbete av ein blogpost.. Kjenner allereie no at eg bryggjer på eit bra innlegg. Kanskje det vert betre når det får modne litt i bakhovudet?

Vi snakkast på den andre sida av innleveringane..

søndag 11. mars 2007

YouTube: Pest in The time of Colera.

Jaja. Som tidlegare nemnd har dagen gått med til ymse unødvendig, som å surfe på youtube. Fyrst sjekka eg ut Home&Away-episodar etter å ha vorte inspirert av Gunnhild som er i Australia og Isabel(som ikkje er i australia, men som og har hengt på YouTube). Men dette enda med at eg vart sittande å sjå på episodar frå framtida (sidan vi framleis er på episodane frå 2004 her i Noreg). Dermed fekke eg mindre trivelige frampeik om kva som skjer i framtida. Altso; ikkje det at episodane var så utrivelege i seg sjølv, men dei insinuerte at mindre hyggjelege evenement vil finne stad i dei to komande åra med vår favoritt daytime-såpe. Og SO hadde dei fått nok ein introsongar som ikkje høyrtes ut som han hadde det så godt. Så derfor legg eg ikkje ut link på desse..
Men: det eg også fann var ein festleg tysk mann i nittitals-outfit som mima ein samurai. Kanskje ikkje ditt fyrsteval, seier du kanskje.. Men sett vekk frå at han er tysk og frå nittitalet, tok eg meg sjølv i å humre eit par gongar:
http://www.youtube.com/watch?v=qtwdYDEsJpY

Åherligheit! So teit, men likevel so bra!!
http://www.youtube.com/watch?v=P2tvJtYG9iA

http://www.youtube.com/watch?v=QWYcgC56DtU

Over til noko langt meir valdeleg og skummelt, men likevel fengslande. OG: Gjet kva! Den Siste Samurai var visst ikkje den siste likevel!
http://www.youtube.com/watch?v=yJmQXqXpuEA

Dagens ustrukturerte:

ÅGUBBEVARE! Eg HAR so dårleg sjølvdisiplin, eg! No har eg sete i to dagar for å skrive den MYKJE omtala og STERKT utsette etnomusikologiinnleveringssemesteroppgåva. Det var snakk om gøtt og vel 20 sider som skulle lesast på engelsk, for deretter å oversetje til morsmålet og få trykt ned på ti sider. Ikkje ei totalt uopnåeleg oppgåve, med andre ord, men eg har sannsynlegvis klart å setje ny rekord på tidsbruk. Det verste er at vi har hat nærare to månadar på oss til å skrive den, men eg har klart å utsetje den lengst mogleg, slik at eg rakk å få ei semesteroppgåve nr. to deisande i hende, som skal inn dagen etter denne som eg har utsett.
Grunnen til at eg utset ting trur eg har med å gjere at eg trur eg arbeidar best under press. Men det er jo berre crap. For no har eg sete i to dagar og TRYKT meg gjennom desse 20 sidene (eg er ferdig no also mamma). Men poenget her er at eg sit i kanskje ein time, (ein time som inneber ein god del stiring ut glaset, usakleg søkjing på internett, lytting på musikk, teikning i margen, eller berre ufortent interessert stiring og reflektering over skjermspararen min) og so tenkjer eg at "huff, NO har eg jammen vore produktiv, no må eg ha ei pause" Og so tek eg meg ei pause som varer i tre timar for å sjå dansefeber eller reprisar på farmen eller å gå på do eller å vaske opp eller å drikke vatn. Og slik går det heile i syklusar.
Som du ser er dette ganske skremande: Det synest meg faktisk meir freistande å ta oppvasken enn å site ved dataskjermen! Det verste var nok då eg vurderte å ta meg ein joggetur i staden for å skrive (loco tilstandar). Men som sagt; no er eg altso ferdig. Og so tenkjer eg "då har eg gjort meg fortent til litt fri". Og so endar eg opp med å sjå på TV i staden for å gjere nyttige ting som å øve.

Ein positiv bieffekt ved denne tilstanden er jo at eg legg merke til nye ting ved kvardagen som eg elles ville ha tykt var keisame. Til dømes har eg i dag oppdaga at:
1. Eg har ulik styrke på brilleglasa mine (noko eg fann ut ved at eg tykte det måtte vere interessant å ha brillene opp ned ei stund, og som resulterte i at eg vart umåteleg svimmel)
2. Eg tok meg også i å sitje å reflektere over kor mange ulike variasjonar ein akkord kan ha ( då måtte eg jo sjølvsagt freiste å synge dei også). Så då fekk eg øvd litt på det; noko eg vanlegvis sjeldan gjer.
3. Så fikk eg sjekka kor vidt eg hadde ein audioplugg som kobla to han-koblingar opp til ein liten jack-inngong, slik at eg kunne koble datahøgtalarane opp mot platespelaren. Det hadde eg ikkje.
4. Så har eg funne ut kva det heiter når du bind bokstavar saman med fargar; nemleg synestesi, og at m.a. Olivier Messiaen hadde dette, og at han skreiv ei bok om korleis han såg alle akkordar føre seg i fargar (dette måtte eg jo sjølvsagt freiste ut, og eg enda opp på pkt. 2 att).
5. Eg lærte meg "det sit ein fugl" på tinnfløyte..
6. Eg sette opp eit budsjett over neste månad sine utgifter.
7. eg sjekka mailen fem gongar, og var innom bloggen min tre...
8. Eg såg på gamle Home&Away- episodar frå 1994.
9. Eg filte alle neglene mine to gongar.

Når eg ser attende er det i det heile teke eit under at eg kom ut på andre sida av den oppgåva. Det verste er at faget eigentleg er interessant.

fredag 9. mars 2007

Dagens musikknerdvits:

Har du høyrt (om) Asle og Gisle- dei einharmoniske tvillingane?

NORDFJORDSONGEN.

Av Amund Mork 1931

Du Nordfjord min fagre og fjellsterke heim
du fylgde meg ut i den framande sveim.
Eg ser dine kollar og nutar og tindar,
dei skogkledde åsar og grasgrøne rindar.

Nei, aldri eg gløymer den glitrande fjord
som sølvblank der inn gjennom fjellheimen fór.
Så storfeldt og stilt han om strendene skvalar
og møtes med elvar frå fjell og frå dalar.

Og tunet den heime eg ser det så klårt,
og stova og hagen og alt som er vårt.
Det leikar i hugen når ute eg vankar,
og tidt ber det heimatt med hug og med tankar.

Me tidt gjekk på støylen og fekk oss ein graut.
Og høyrde på kulokk og lurlåt og raut.
Og sela var fulle av gjenter og gutar,
i fjellvotna spegla seg blåblanke nutar.

Eg minnest han far med dei manande ord
og mor, ho som gret då frå heimen eg fór.
Dei gav meg det beste av alt det dei visste.
Gud hjelpe og styrke dei alt til det siste.

Gud signe då Nordfjord frå brede til hav,
og takk for slik fager ein heim du oss gav.
La lukka då fylgje kvar mann og kvar kvinne.
La hugnad i heimen kvar nordfjording finne.

Kvinnesjåvinistisk?

Jajaja.. So va kvinnedagen over for denne gong. Som vanleg baud det ikkje på så store endringar i kvardagen. Det kjennest så rart med EIN dag som liksom skal vere kvinnene sin.

Dersom denne dagen kunne ha fungert som ein åremålsdag for eitt eller anna oppnådd mål, so hadde eg kanskje sett stordomen i det. Kanskje skulle ein hatt ein "kvinnekomité" som kvart år kom opp med ein ny ting som burde fullførast innan neste kvinnedag? Men samstundes. Er det eigentleg eit poeng? Når eg går omkring i kvardagen, kan eg ikkje seie at eg kjenner meg diskriminert akkurat.. I somme situasjonar er det til og med vanskeleg å unngå å kjenne seg prioritert føre mennene. Så etter å ha teke ei runde med meg sjølv, har eg kome fram til at eg i bunn og grunn kanskje ikkje er så uvettes feministisk av meg. Eg er ikkje den som står framst i demonstrasjonstoget for å fordre kvinnene sine rettar i Noreg. Eg vert nesten irritert på dei som skal vere så feministiske at dei tykkjer det er uriktig å nytte sjarmen til å få påspandert seg ein eller fleire øl eller liknande. Kvifor skal vi ikkje få bruke sjarmen vår til noko? Det er vel ikkje mannsjåvinistisk dersom ein kar har lyst til å spandere? Det heile vert liksom så bakvendt: Dersom du er feminist skal du ikkje ha lov til å gjere feminine ting. HÆ? Er ikkje poenget at det nettop skal vere greit og akseptert å gjere feminine ting? Eg kjenner meg ikkje mindre respektert sjølv om eg får ein gratis øl.

Eg vert også irritert dersom eg høyrer dei som hevdar at det ikkje er respektert at kvinner gjer mannsjobbar. TEIT! Eg jobbar kvar somar som vaktmeister og gjer veldig maskuline ting som å køyre traktor og snekre. Eg kjenner meg ikkje mindre respektert for dette, eller sett på som dårlegare arbeidskraft enn ein mann i dette yrket. Grunnen til dette er jø sjølvsagt at eg kan å køyre traktor og snekre. Det hadde vore noko anna dersom eg ikkje hadde kunna dette. Men då er det jo teit å på død og liv skulle gjere dette. Det er jo det same som å setje ein mann til å gjere noko han absolutt ikkje kan. Like meinigslaust som det skulle vere dersom du ein dag bestemte deg for å setje meg til å gjere typiske kvinneting som handarbeid, noko eg ikkje kan i det heile teke. Det ville vere vekkasta tid. Så eg tykkjer det er meiningslaust med dei som på død og liv skal ha kvinner inn i mannsyrke. Det er greit, ein må jo sjølvsagt ha høvet til å freiste ein mannsjobb, men dersom ein ikkje får det til, er det vel ganske idiotisk å skulle vere i dette yrket, men sakke arbeidseffektiviteten, berre for å stå på krava?

Eg tykkjer i det heile teke at det er litt for mykje usakleg feminisme der ute. Greit nok; det finst land som verkeleg har behov for kvinnekamp; som til dømes Iran, der eit kvinneliv er halvda av verdet til eit mannsliv. DÅ er det sakleg å tale om kvinnefrigjering. Men å skulle stå i Noreg i 2007 å hevde same rettane som ein gjorde på 60-talet er tilnærma kvinnesjåvinistisk. No er eg fullstendig klar over at dette eigentleg ikkje gjeld den moderne feminismen; men tru meg, det finst dei som sneversynt nektar å innsjå at dersom ein ser moglegheitene, så har vi faktisk så godt som likestilling i Noreg, samanlikna med andre land. Eg såg faktisk ein leiar i ei avis i dag, der ein av landets framste samfunnsforskarar la fram eit interessant synspunkt. Ho meinte at nøkkelen til fullstendig likestilling i arbeidslivet berre kunne verte oppnådd dersom ein fekk full likestilling i heimen. Med dette meinte ho å respektere mennene på heimebane. At dei i staden for fire veker finansiert fødselspermisjon burde dele dei 48 vekene kvinnene har med kvinna. Altso 22 veker. Med andre ord ville mennene få ei unik innsikt i livet som heimeverande, samstundes som at kvinnene vart respekterte på lik line med mennene på arbeidsmarknaden, fordi det loddet som kvinner har hatt ved risikoen for at dei må ta pause frå arbeidet pga fødsel ikkje er større enn hjå mennene. LURT! Så eg antek det eigentleg er på tide å leggje ned fanene og innsjå at kvinnedagen kanskje er litt utdatert? Eg berre spør.

onsdag 7. mars 2007

DAGENS HELT!

Dagens helt er vald med omhu. Han går av med sigeren fordi han representerar alt det ein politikar skal vere: Nemleg politikar føre privatperson, og interessert i landet sitt beste føre sitt eige.
Ein mann som kan uttale: "Eg vil gjere jobben min best mogleg, og gjere meg fortent til tilliten" kan ikkje unngå å verte dagens helt. Dessutan er han ikkje så verst å sjå på heller.

Dagens helt er: *PADAMPADAM*


Utanriksminister JONAS GAHR STØHRE!

måndag 5. mars 2007

Sjå Gunnhild: Kreative Mariel slær til igjen!

Altso. I det siste har eg motteke noko spit med bakgrunn i at eg i den siste tida ikkje har vore so effektiv på blogpostfronten som eg plar. Dette er sjølvsagt ikkje noko eg vil ha på meg, då eg tek dette framifrå alvorleg.. So då kjenner eg presset på meg til å skrive noko djupt og reflektert. Problemet er berre at det i skrivande stund er ei skræmande lang stund sidan sist eg verkeleg reflekterte over noko. Ein kan nesten seie at eg i dei siste månadane nærast har flote med straumen utan å sjå meg kring. Trist men sant.

Eg kan sjølvsagt "reflektere" slik som eg plar gjere det i til dømes etnomusikologi-innleveringane.. Der oppgåva går ut på å skrive ti sider drøfting, men som alltid set abnorme krav til eigen kreativitet, sidan det kapittelet ein skal drøfte frå sjeldan eller aldri inneheld meir enn fem sider. Dette vil dermed seie at ein vert tvungen til å vere skapande i heile fem sider, noko som igjen resulterar i framifrå kreative innleveringar frå mi side. Det finst jo sjølvsagt ei løysing på dette problemet som andre vel å ty til; som til dømes å ha 1.55 i lineavstand framfor 1.5, slik det eigentleg skal vere; eller dei nyttar 12.1 i skriftstorleik i staden for 12.. Dette tykkjer eg rett personleg er meir tvilsomt enn å skrive fem sider svada. Det henspeglar jo som oftast på eigen kreativitet i staden for maskinelle hjelpemiddel. Det er faktisk forbausande enkelt å skrive svada. Dersom du les teksten ovanfor ein gong til, men denne gongen freistar å finne ei meining, vil du knappast finne det. Trikset er visstnok å forkle setningane i mange nok spanande uttrykk. Her er nynorsken også til stor hjelp. Nynorskkunnskapane til førelesarar ved norske universitet er skremande dårlege, slik at dersom du vel å skrive på eit litt kreativt nynorsk, trekkjer språket opp uansett kva du finn på å setje på papiret. Hugleik på staur vert til dømes høgt prisløna saman med ord som åtgaum og ymist. "Razzle Dazzle them", so Richard Gere seie det i Chicago...

Apropos Richard Gere: Han likna litt på ein hund.. Ein sann hund som han der onde Sid har i Toy Story I, dersom det er nokon som har sett den. Ikkje nåke negativt om Richard Gere, also, han kan gøtt få meg anyday( dette er i mine auge ein som bør kategoriserast som "gamalhot"; takk til Ragnhild), berre ein av dei tankane so e håplaus å bli kvitt dersom du tilfeldigvis sit og ser på ein film som tilfeldigvis har litt Richard Gere i seg.

Apropos film. Eg var stad og såg "Last King og Scotland" her i førre veke. Filmen handlar overraskande nok ikkje om ein skotsk konge, men om Uganda sitt maktsjuke statsoverhoud Idi Amin "Dada". Han var ikkje heilt god, viste det seg. Det var i det heile ein framifrå film, som eg tilrår på det sterkaste å sjå! Men det var ikkje poenget her. Nei. Poenget var at eg sjølvsagt etter å sjå all drepinga og urettferda som rådde, vart sterkt engasjert i situasjonen i Uganda. Eg visste rett og slett ikkje at det var så gale. Men så kom eg på at denne filmen syner til hendingar som gjekk føre seg for fleire år sidan. Og DÅ tenkte eg (syner seg at eg visst har reflektert litt likevel) at det er for gale at det skal ta ein kinofilm til før ein tek til å sjå kva som verkeleg går føre seg der ute i verda. Slik var det også med Hotel Rwanda, ein film som var vel så engasjerande og røyndomsnær i sine skildringar. Eg fekk rett og slett dårleg samvit for at høge lydeffektar og sveitte menn på eit lerret er det som må til for at den vanlege borgar i vesten skal ta til å tenkje etter.

Men kvifor er det eigentleg slik at det finst konfliktar ute i verda som vi klarar å oversjå og ignorere slik? Vi får jo fleire timar med nyhende direkte inn i stovene våre kvar dag! No har jo TV2 klart å hoste opp ein heil nyhendekanal også, for dei som er så heldige å få med seg det... Det er skremande å konstantere at det finst underhaldningsverd i menneskeleg elende. At det går ann å seie noko slikt som at "akkurat i dag er det midtaustenkonflikta som er mest verdfull, og bør få mest skjermtid"...So utan å ta på seg ei formanande rolle, so vart eg litt sint, altso! Er ikkje poenget med nyhendene å få med mest mogleg av det som skjer ute i verda, uavhengig av om det er nordmenn innblanda eller ikkje? Eg berre spør..

So dei seie i nyhendene: No. Heimatt. Denne helga har eg vore heime i fjordfylkjet. Det gjorde gøtt! Men kva er det eg ser i det eg set foten innanfor fylkesgrensa? Ein debatt om kor vidt Sogn og Fjordane bør profilere seg utad med bunad eller ikkje (Talar her om jebussfeiring til kongen og dronninga førre veke, der Sogn og Fjordane stilte med eit fiktivt brurefylgje med bunadar). Det var fleire utflytte fjordingar i Oslo som var skaka over at eit fråflyttingsfylkje som S&Fj kunne finne på å sende noko så gamaldags i klørne på kringkastinga. Dei var rett og slett vonbrotne over at fylkjet skulle framstå som ein stad der ein går i bunad til alle anledningar, og at dette ville hindre tilflyttinga til fylkjet. Etter å ha gått kring med irritasjon over desse elendige argumenta, vil eg gjere som eg plar når heile debatten er irriterande latterleg: nemleg øydeleggje det heile med tilsvarande meiningslause argument:

1. Kjære utflytte fjording: Dersom du tykkjer det er for gale at S&Fj skal vere eit fråflyttingsfylkje som ikkje appellerar til urbane ungdomar som deg sjølv, men at det ideelle er at ungdomar flytter attende til fylkjet; KVIFOR BUR DU DÅ FRAMLEIS I OSLO??

2. Kjære utflytte fjording: Dersom du meinar at S&FJ er eit så gamaldags og lite tiltrekkjande fylkje å flytte til, og som du tydelegvis aldri kunne tenkje deg å flytte attende til, KVIFOR GIDD DU Å DEBATERE?? Dersom du har teke avgjerdsla om å verte buande i hovudstaden, og at S&Fj er eit fylkje i bakleksa, er dette tydelegvis ikkje debatten for deg.

3. Ærleg tala! Det var vel ikkje for marknadsføringa sin del at vi reiste til Oslo? Så vidt eg kan hugse, var det vel tale om ei jebussegåve? Og er det ikkje kva mottakaren tykkjer som er det viktigaste med sleke? Og vart ikkje kongeparet glade og rørte over delegasjonen frå fjordfylkjet? JO! Det er som å debattere over om din gamle onkel burde fått verktygsett til jul i staden for den boka han fekk om livet på vestlandet. Det er tydeleg at han kunne ha trong for verktygsettet til å reparere huset som er til skjemsel for heile grannelaget, men han vart definitivt gladast for boka. Skikkeleg partypoopar å gje vekk noko kjipt i gåve, berre for å tilfredstille eigne behov...
EG BERRE NEMNER DET!.

Det var det! No har eg reflektert litt. Det gjorde godt etter gamalt! no skal eg skrive etnomusikologi-innleveringa mi...