Viser innlegg med etiketten Nordfjording til det siste.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nordfjording til det siste.. Vis alle innlegg

måndag 2. april 2007

Ymse

No er eg endeleg heime i godkommunen Gloppen att. Det var deileg å kome over fylkesgrensa og endeleg sjå nokre skapelege fjell, som i det eg reiste forbi, var bada i sollys, i høveleg påskeidyll.
I skrivande stund er eg på jobb på Nordfjord Folkemuseum og freistar å skrape til meg ei krone eller to. For sidan eg ikkje eig økonomisk sans anna enn når eg ikkje har pengar, er eg nøydd til å arbeide også på heilagdagane for å få økonomien til å rette seg. Det er diverre ikkje så mykje spanande å ta seg til på eit museum etter vanleg arbeidstid... Eg trur planen er at det skal vere ope for dei som ynskjer å ta turen innom for å sjå på utstillingane (det er til og med gratis) når dei for ein gongs skuld har fri, men det syner seg at den jamne gløppar kanskje tykkjer det er meir freistande å liggje heime på sofaen eller reise på fjella når dei har fri. Den akutte publikumsmangelen leiar i alle fall til at eg har timebetaling for å sitje og skrive ein blogg og absolutt ingenting. Det leiar også til at eg har betalt for å lese avisa, gjere satslæreoppgåver, steikje vafler (som eigentleg skal vere til dei vitjande, men som eg, sidan det ikkje er nokon vitjande her, lyte ta på meg ansvaret for å ete opp), og for å sitje på facebook. Dessutan har eg spela munnharpe og piano opptil fleire gongar. Eg er nemleg ikkje berre utan vitjande, men eg er også utan medarbeidarar, sidan det strengt teke er lenge sidan den normale tilsette gjekk heim og sette seg ved middagsbordet. Menmen. Det er gøtt eg er flink til å finne underhaldning i eige selskap!

Hadde eg vore riktig frampå hadde eg kanskje teke med meg ei skulebok som eg kunne lest litt i. Men i mangelen av frampånad får eg klare meg utan, og heller foreta eit djupdykk i museumsbiblioteket. Der er det både ein og annan godbete, og i går nytta eg tida til å setje meg gøtt inn i den norske bunadstradisjonen, samt også å lese meg opp på jarnalderen i Noreg, eit emne som det visstnok er skrive lite om tidlegare. Eg har med andre ord vore tverrfagleg og røyvd meg inn i ukjende fagkretsar. Og det beste er at eg har timebetaling... Dette er i det heile eit unikt høve til å få betalt for ting som eg alltid har hatt lyst til å få betaling føre. Eg kan til dømes:
Få betaling for å syngje. (x)
For å danse. (x)
Slå hjul (x)
Drikke kaffi (x)
Kopiere handa mi (x)
Spele piano (x)
Spele munnharpe (x)
Lese om interessante ting/studere (x)
Sjå ut glaset (x )
Sjå kor lengje eg klarar å halde pusten (x)
Skrive blogg (x)
Ete sjokolade og vaflar (x)

Det meste i grunnen.
No trur eg at eg tek meg ei vafle til.

fredag 9. mars 2007

NORDFJORDSONGEN.

Av Amund Mork 1931

Du Nordfjord min fagre og fjellsterke heim
du fylgde meg ut i den framande sveim.
Eg ser dine kollar og nutar og tindar,
dei skogkledde åsar og grasgrøne rindar.

Nei, aldri eg gløymer den glitrande fjord
som sølvblank der inn gjennom fjellheimen fór.
Så storfeldt og stilt han om strendene skvalar
og møtes med elvar frå fjell og frå dalar.

Og tunet den heime eg ser det så klårt,
og stova og hagen og alt som er vårt.
Det leikar i hugen når ute eg vankar,
og tidt ber det heimatt med hug og med tankar.

Me tidt gjekk på støylen og fekk oss ein graut.
Og høyrde på kulokk og lurlåt og raut.
Og sela var fulle av gjenter og gutar,
i fjellvotna spegla seg blåblanke nutar.

Eg minnest han far med dei manande ord
og mor, ho som gret då frå heimen eg fór.
Dei gav meg det beste av alt det dei visste.
Gud hjelpe og styrke dei alt til det siste.

Gud signe då Nordfjord frå brede til hav,
og takk for slik fager ein heim du oss gav.
La lukka då fylgje kvar mann og kvar kvinne.
La hugnad i heimen kvar nordfjording finne.