Viser innlegg med etiketten Oppi mitt hovud der veks det blå bær.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppi mitt hovud der veks det blå bær.. Vis alle innlegg

tysdag 1. juli 2008

København-Erzurum.

I natt draumde eg at eg var Hitler. Det var ganske absurd! Vi var ein gjeng på ein fire-fem mannfolk, derimellom Aasmund Olavsson Vinje og Mussolini. Det var eit festleg lag, og latteren sat laust kring bordet. Eg, Hitler, var sjølvsagt midtpunktet og framsto som ein grei og sympatisk kar. Vi spela zug um zug om Europa. Eg trur kanskje Mussolini leia ei lita stund, for eg var litt sur på han. vi kom ikkje så godt overeins akkurat den dagen. Slik bølga spelet fram og tilbake; i det eine sekundet leia eg, i det neste Mussolini. også Vinje var frampå ved eit par høve, med det store skjegget sitt og hatten. Eg er ikkje sikker på korleis utfallet av spelet vart, for like før vi var ferdige, kom ein uniformert SS-soldat og leidde meg vekk og inn i ein bunker. Eg var visst ved å tape, og det tyktes denne soldaten best at eg gøymde meg i denne bunkeren til det heile var over.

Då eg vakna var eg ikkje Hitler lengre. Takk og lov. Det hadde vore vanskeleg å vekkforklare korleis eg hadde klart å gro ein real Hitlerbart over natta.

måndag 30. juni 2008

Eg har mi eiga svadastemme.

Følgjande må lesast med ei indre Marièl-svadastemme:

Den har nok vore til stades heile livet. Eg har mellombels ikkje vorte merksam på den før no, dette siste året. Det har teke meg ei stund å kome over det faktum at eg har ei svadastemme. Min fyrste reaksjon var naturleg nok vantru og sjokk. Deretter sorg og fornektelse. Til slutt har eg kome til å måtte sjå situasjonen for det den er. Eg har rett og slett kome til å akseptere det faktum at eg, Marièl Eikeset Mundal, har ei eiga personleg svadastemme som heile omverda har vorte utsett for utan min eigen viten og vilje, gjøren og bin laden... Dei følgjende avsnitta kan sjåast på som eit siste ledd på vegen til aksept av situasjonen (Det finst somme av dykk der ute som kanskje vil ha kopla ut allereie etter fyrste setninga, sidan svadastemmeomgrepet vart innført allereie i innleiinga, men eg ber dykk om å freiste å halde tråden, då dette vil vere med å hjelpe meg fram på vegen mot total aksept).

Eg er ikkje heilt sikker på om eg heilt klarer å setje fingeren på akkurat KVA det er som karakteriserar denne svadastemma. Det einaste eg veit er at det er tale om ei stemme som eg tek på meg kvar gong eg skal servere ei større mengd med informasjon og kunnskap; gjerne unyttig i sin eigenart. Svada om du vil. Eg trur eg legg om tonefallet noko. At det liksom vert meir syngande på eit vis, samt at eg tek på meg ei forteljande og oppglødd nerderolle. Eg veit heller ikkje kvifor eg gjer det. Kanskje er eg så usikker på min eigen person at eg vel å skjule meg bak ei påteken stemme? Er eg verkeleg så usikker på min eigen posisjon som nerd og over å vere over gjennomsnittet interessert i trivia og unyttig kunnskap?
For å vere ærleg, trur eg korkje eg sjølv eller nokon eg kjenner vil gå for denne forklaringa. Kanskje er det element av dette svaret som vil medføre riktighet. Kanskje er vi eit lite steg nærare forklaringa på tilstanden, men det er langt ifrå ei fullgod forklaring.
Kan det då vere for å verke meir interessant og intellektuell? Dette er nok eit svar som eg tykkjer ligg mykje nærare løysinga, sjølv om eg framleis tykkjer det manglar ein del på den fulle og heile sanninga. Det er jo riktignok slik at eg til ei viss grad alltid har vore glad i å fremje eigen person og kunnskap, men eg trur ikkje eg kan ha gått så langt som å umedvite ha forma ein fiktiv personlegdom med ei eiga stemme berre for å gjere meg sjølv enno meir interessant. Vonar eg.

Eg trur rett og slett det kjem av at eg kjenner meg rett så vel med denne stemma. Den har nok ganske riktig sitt opphav i at eg kjenner meg meir Marièl Intellektuell med ein gong eg tek på meg svadastemma, samstundes som  stemma sjølvsagt også har ei praktisk forklaring. Det er nemleg praktisk tala umogleg å formidle store mengder unyttig informasjon i eit heilt vanleg tonefall.

Lesaroppgåve: Les denne bloggposten høgt for deg sjølv i eit daglegdags tonefall. Freist deretter å lese den same teksten med eit tilgjort og noko meir oppglødd tonefall, og med eit glimt i auget. Gjerne framfor ein spegel Noter: Kva kjennest mest naturleg? Kva variant vil du kunne stå for ved ei eventuell offentleg framføring av det du nett las for deg sjølv? Dersom du endar opp med å svare versjon nummer to, kan du no smykke deg med å vere eigar av di eiga personlege svadastemme. Gratulerar!

Finst det nokon i heile verda med eit snev av innsikt til eigen person som klarer å stå framfor nokon og lire av seg setning på setning med eigne meiningar, tolkingar fjonge formuleringar, samt ein god del meiningslaust småprat utan å ta på seg ei noko anna stemme enn det dei har til dagleg? Kanskje ha ei ironisk glimt i auget? Eg håpar ikkje det. 

Eg har også mi eiga pedagogstemme...

fredag 27. juni 2008

Eg er min eigen festival.

Det er SOMAR!. I alle fall er det den konklusjonen eg dreg når eg ser på kalendaren. Denne syner tydeleg at vi i dag skriv 27.06.2008, og den sjette månaden er som vi veit juni, og denne er som vi alle veit per definisjon ein somarmånad. Sett vekk frå at vi har kalendaren å stø oss til, er det nemleg ikkje mykje som skil denne månaden frå dei fem som allereie har vore. Hittil har det ikkje vore særleg mykje klassisk somarveir å skryte av(for dei av dykk som skulle ha gløymt kva dette er, er det sol og skyfri himmel eg snakkar om når eg her refererar til "klassisk somarveir"). Eg har ved fleire høve observert både regn- og allveirsjakker, samt også støvlar. Ved eit høve også skjerf, hanskar og lue. Sola har for å vere ærleg, lete vente på seg og gjort seg kostbar. Nei det har ikkje vore særleg meir sol enn det veirdama på NRK Sogn og Fjordane ville kategorisert som "ikkje så veldig mykje, berre pittelitt".

Men no når vi heldigvis har kome over denne obligatoriske innleiande småpraten om veiret, er det på tide å avsløre min verkelege agenda med bloggen og årsaka til at eg er attende i dykkar bloggkvardag etter eit fråver på omlag eit år. For dei av dykk som lurer på dette tilsynelatande plutselege fråverande haldninga, kan eg stadfeste det somme av dykk kanskje allereie har ein mistanke om: Ja, dette fråveret kaan skuldast romantiske tilhøve som no har vart omlag like lenge som det er sidan sist eg blogga... Eh. Eg har i alle fall tenkt at eg, i påvente av å verte freista til strandlivets gleder og solsleikjaren sin tilbakelente livsstil, vil nytte denne bloggen til å skrive eit par ord og tankar om opplevingar og erfaringar av ymse storleik i kvardagen. På denne måten vil eg også få dekt trongen til å formidle dei fantastiske og banebrytande opplevingane mine til omverda. Målet er rett å slett å skape ein eigen bloggfestival(Valet av "festival"-ordet er medvite. Sidan eg korkje har tid eller råd til å reise på festival, er eg nøydd til å vere og skape min eigen festival)!! Dette vil enkelt og greit vere ein serie bloggpostar med same tema som strekkjer seg over tid, smidd over same lesten som meir kjende festivalar som t.d. Glopperock og Trøndersk Matfestival. Uansett kor interessant resultatet vil syne seg å vere, vil det om ikkje anna skape ei slag avlasting for familien.

LET THE GAMES BEGIN! (Skjenkeløyve er enno ikkje innvilga, så ver venleg: Syn varsemd og diskresjon når det kjem til nyting av alkohol.)

torsdag 22. mars 2007

Today the M-woman is happy cause the M-woman hath playeth the blues on the saxophone, and it was beautiful.

I dag har eg hengt så mykje med nordlendingar at eg til og med har nordnorsk tonefall på fake-engelsken... Eg trur det er eit varselsteikn! Særkild når eg tek til å omtale meg sjølv som the M-woman, og tek bilete av meg sjølv med teikneserie-effektar!

I dag har eg reflektert over ein ting, mine vyrde musikk-vener! I satslæra si and:
Trur de at Bach var medviten om kva han eigentleg skreiv, eller trur de han berre var heldig og var på rett stad til rett tid? For det var vel ikkje akkurat ein sterk tradisjon for å skrive firstemmige koralsatsar i eit bestemd tonalt forlaup så lenge før Bach, var det vel? De trur ikkje kanskje at det var slek at Bach ein dag var så lei av dei gamle kyrkjetoneartane at han var heilt vill, og freista å eksperimentere? Eller at han ikkje visste betre? Det er jo påtageleg at han ikkje var godkjend i si nære samtid, og at stilen hans vart plukka opp att på 1800-talet, men då fordi det var popis å skode attende til gode gamle dagar, og at det er difor ein reknar Bach som det ultimate førebiletet i dag?

Eg er i alle fall sikker på at han berre skreiv noko, og so i etterkant har vi avgjort at det er dette som skal vere rettesnora for all satslære. At det er lov å gå frå subdominant til Dominant, men ikkje omvendt, og at sjuaren skal ledast ned, medan trearen skal opp, berre fordi Bach gjorde det.
Eg trur rett og slett Bach berre var ein løkki bastard. All ære for det altso; johannen i våre hjarto! Men dersom til dømes eg sleng fram eit vilt framkast til ein sats, som ikkje fylgjer nokre av dei eksisterande retningslinene; kjem eg då til å verte ein satslærehelt i framtida?

This must the M-woman reflect some more upon! Until then: stay in the tonic cadence!

søndag 11. mars 2007

YouTube: Pest in The time of Colera.

Jaja. Som tidlegare nemnd har dagen gått med til ymse unødvendig, som å surfe på youtube. Fyrst sjekka eg ut Home&Away-episodar etter å ha vorte inspirert av Gunnhild som er i Australia og Isabel(som ikkje er i australia, men som og har hengt på YouTube). Men dette enda med at eg vart sittande å sjå på episodar frå framtida (sidan vi framleis er på episodane frå 2004 her i Noreg). Dermed fekke eg mindre trivelige frampeik om kva som skjer i framtida. Altso; ikkje det at episodane var så utrivelege i seg sjølv, men dei insinuerte at mindre hyggjelege evenement vil finne stad i dei to komande åra med vår favoritt daytime-såpe. Og SO hadde dei fått nok ein introsongar som ikkje høyrtes ut som han hadde det så godt. Så derfor legg eg ikkje ut link på desse..
Men: det eg også fann var ein festleg tysk mann i nittitals-outfit som mima ein samurai. Kanskje ikkje ditt fyrsteval, seier du kanskje.. Men sett vekk frå at han er tysk og frå nittitalet, tok eg meg sjølv i å humre eit par gongar:
http://www.youtube.com/watch?v=qtwdYDEsJpY

Åherligheit! So teit, men likevel so bra!!
http://www.youtube.com/watch?v=P2tvJtYG9iA

http://www.youtube.com/watch?v=QWYcgC56DtU

Over til noko langt meir valdeleg og skummelt, men likevel fengslande. OG: Gjet kva! Den Siste Samurai var visst ikkje den siste likevel!
http://www.youtube.com/watch?v=yJmQXqXpuEA

fredag 9. mars 2007

Dagens musikknerdvits:

Har du høyrt (om) Asle og Gisle- dei einharmoniske tvillingane?

Kvinnesjåvinistisk?

Jajaja.. So va kvinnedagen over for denne gong. Som vanleg baud det ikkje på så store endringar i kvardagen. Det kjennest så rart med EIN dag som liksom skal vere kvinnene sin.

Dersom denne dagen kunne ha fungert som ein åremålsdag for eitt eller anna oppnådd mål, so hadde eg kanskje sett stordomen i det. Kanskje skulle ein hatt ein "kvinnekomité" som kvart år kom opp med ein ny ting som burde fullførast innan neste kvinnedag? Men samstundes. Er det eigentleg eit poeng? Når eg går omkring i kvardagen, kan eg ikkje seie at eg kjenner meg diskriminert akkurat.. I somme situasjonar er det til og med vanskeleg å unngå å kjenne seg prioritert føre mennene. Så etter å ha teke ei runde med meg sjølv, har eg kome fram til at eg i bunn og grunn kanskje ikkje er så uvettes feministisk av meg. Eg er ikkje den som står framst i demonstrasjonstoget for å fordre kvinnene sine rettar i Noreg. Eg vert nesten irritert på dei som skal vere så feministiske at dei tykkjer det er uriktig å nytte sjarmen til å få påspandert seg ein eller fleire øl eller liknande. Kvifor skal vi ikkje få bruke sjarmen vår til noko? Det er vel ikkje mannsjåvinistisk dersom ein kar har lyst til å spandere? Det heile vert liksom så bakvendt: Dersom du er feminist skal du ikkje ha lov til å gjere feminine ting. HÆ? Er ikkje poenget at det nettop skal vere greit og akseptert å gjere feminine ting? Eg kjenner meg ikkje mindre respektert sjølv om eg får ein gratis øl.

Eg vert også irritert dersom eg høyrer dei som hevdar at det ikkje er respektert at kvinner gjer mannsjobbar. TEIT! Eg jobbar kvar somar som vaktmeister og gjer veldig maskuline ting som å køyre traktor og snekre. Eg kjenner meg ikkje mindre respektert for dette, eller sett på som dårlegare arbeidskraft enn ein mann i dette yrket. Grunnen til dette er jø sjølvsagt at eg kan å køyre traktor og snekre. Det hadde vore noko anna dersom eg ikkje hadde kunna dette. Men då er det jo teit å på død og liv skulle gjere dette. Det er jo det same som å setje ein mann til å gjere noko han absolutt ikkje kan. Like meinigslaust som det skulle vere dersom du ein dag bestemte deg for å setje meg til å gjere typiske kvinneting som handarbeid, noko eg ikkje kan i det heile teke. Det ville vere vekkasta tid. Så eg tykkjer det er meiningslaust med dei som på død og liv skal ha kvinner inn i mannsyrke. Det er greit, ein må jo sjølvsagt ha høvet til å freiste ein mannsjobb, men dersom ein ikkje får det til, er det vel ganske idiotisk å skulle vere i dette yrket, men sakke arbeidseffektiviteten, berre for å stå på krava?

Eg tykkjer i det heile teke at det er litt for mykje usakleg feminisme der ute. Greit nok; det finst land som verkeleg har behov for kvinnekamp; som til dømes Iran, der eit kvinneliv er halvda av verdet til eit mannsliv. DÅ er det sakleg å tale om kvinnefrigjering. Men å skulle stå i Noreg i 2007 å hevde same rettane som ein gjorde på 60-talet er tilnærma kvinnesjåvinistisk. No er eg fullstendig klar over at dette eigentleg ikkje gjeld den moderne feminismen; men tru meg, det finst dei som sneversynt nektar å innsjå at dersom ein ser moglegheitene, så har vi faktisk så godt som likestilling i Noreg, samanlikna med andre land. Eg såg faktisk ein leiar i ei avis i dag, der ein av landets framste samfunnsforskarar la fram eit interessant synspunkt. Ho meinte at nøkkelen til fullstendig likestilling i arbeidslivet berre kunne verte oppnådd dersom ein fekk full likestilling i heimen. Med dette meinte ho å respektere mennene på heimebane. At dei i staden for fire veker finansiert fødselspermisjon burde dele dei 48 vekene kvinnene har med kvinna. Altso 22 veker. Med andre ord ville mennene få ei unik innsikt i livet som heimeverande, samstundes som at kvinnene vart respekterte på lik line med mennene på arbeidsmarknaden, fordi det loddet som kvinner har hatt ved risikoen for at dei må ta pause frå arbeidet pga fødsel ikkje er større enn hjå mennene. LURT! Så eg antek det eigentleg er på tide å leggje ned fanene og innsjå at kvinnedagen kanskje er litt utdatert? Eg berre spør.

søndag 4. mars 2007

Not 2Do

Dette er eigentleg ein blogpost som eg har hanta frå min førre blog, og dermed kan det gøtt hende at du har lese dette før; men etter nøye og lenge gjennomtanke, har eg kome fram til at eg gjer samfunnet ei teneste ved å gjere dykk merksame på kva det kan vere lurt å halde seg vekke frå. Dette er sårt tileigna eigne erfaringar som framleis sit att i kroppen...

1. Ikkje varm hardkokte egg i microen.
Konsekvens: Pang! Og egg på veldig mange spanande stader.

2. Prioriter å sjå framfor deg i staden for attende deg dersom du finn deg sjølv syklande mot ei elv.
Konsekvens: Framhjul fast i elverist, samt eit ufriviljug bad i elva.

3. La ikkje plastbollar med brøddeig stå oppå varm keramisk topp.
Konsekvens: Det syner seg at smelta PVC ikkje luktar godt, samt at det er vanskeleg å få den smelta plasten laus frå plata, og at det tek nærare to veker før kjøkensona returnerar til det gamle. Dessutan er det ein veldig lite praktisk måte å steike brød på.

4. Freist ikkje ironi i trøndelag.
Konsekvens: Ingen skjønar at det var ironi du freista, og alle trur at du er skuldig sosiale antenner.

5. Set aldri ei gryte med kokande olje under rennande vatn.
Konsekvens: Ei fin fontene av kokande olje, samt fritering av deg sjølv.

6. Freist aldri å sløkkje eit telys ute av kontroll med restane i ølglaset ditt.
Konsekvens: ei fin fontene av varm stearin, og fritering av deg sjølv, samt at du får ein veldig fin pyroeffekt.

7. Aluminiumsfolie i micro er regelrett dumt.
Konsekvens: Pang, knitre! samt kortslutning av heile den elektriske kreitsen.

laurdag 3. februar 2007

Way Too Late for the Revolution:

Min ven Steffen Hope har lete seg inspirere av tanken bak Children Way Too late for the Revolution. Så han gjorde slik eg aldri plar gjere; han skreiv ein song (Vi får sjå om han let seg inspirere av den komande blogposten om Trøndersk Meisterskaå i Korps):

Born in an age long past their desire
See them revolt with hearts on fire
Jump to conclusions
Find solutions
The children way too late
For the revolution

Revolt the parents in jealousy
Talk of power and anarchy
Live in an illusion
Fight exclusion
The children way too late
For the revolution

But no one cares about naked skin
Long ago since that was sin
Exaggerate confusions
Cheer intrusions
The children way too late
For the revolution

Steffen André Birkeland Hope

onsdag 31. januar 2007

By Technicolor:

Dagens post er dedikert til hjernen. Nærare bestemt min hjerne, og er som alle dei andre blogane eit framkast der eg forventar den same utrulege responsen som på dei tidlegare postane (...)

bakgrunnen for denne blogposten er ein diskusjon som eg hadde i går, der det gjekk opp for meg at det finst fleire der ute i verda som har ein tendens til å kategorisere alt i fargar. Dette inspirerte meg til endå ei liste; nemleg ei lett oversikt over kva fargar som er med på å gjere min kvardag litt meir fargerik. Dette er sjølvsagt ei heilt unyttig liste, men eg gjentek at eg gjer det kun for å sjå kva den generelle forståinga er.

BOKSTAVAR:

A- blå
B- gul
C- indigo
D- grøn
E- raud
F- grøn
G- grøn
H- indigo
I- lysegul
J- orange
K- blå
L- Raud
M- raud
N- orange
O- grøn
P- raud
Q- grøn
R- grøn
S- raud
T- blå
U- gul
V- grøn
W- blå
X- grøn
Y- orange
Z- raud
Æ- gul
Ø- grøn
Å- indigo

TAL:

1- lysegul
2- svart/indigo
3- gul
4- blå
5- raud
6- orange
7- grøn
8- indigo
9- rosa

Følgjeleg vart alle årstal ganske fargerike.
Døme: 1907: rosa(19) og grøn(7)
1881: kvit(1) indigo(88) kvit(1)

Dessutan kjem forståinga av ulike bokstavar som særskild "kvadratiske". Dette trur eg har ein samanheng med at dei har fargar som tilsvarar kvadratiske tal sine fargar (Til dømes er A, H, K, W og Å kvadratiske bokstavar.) Dette trur eg har ein samanheng med at dei er symmetriske om ein akse.

Basert på alt dette er det også enkelt å planleggje fram i tid:
1. Kvar månad har sin farge basert på fyrste bokstaven.
2. Kvar dato har sin farge, på bakgrunn av talet
3. Kvart klokkeslett har sin farge på bakgrunn av talet.
Kvar hending vart fint putta inn i dette systemet.

Det heile vert enno enklare dersom ein i tillegg ser for seg året i bolkar...

Dette vart alt for no, for eg kjenner at eg er ganske svimmel av all denne tenkinga, så no trur eg eg går heim og lagar kyllinggryte.