fredag 9. mars 2007

Kvinnesjåvinistisk?

Jajaja.. So va kvinnedagen over for denne gong. Som vanleg baud det ikkje på så store endringar i kvardagen. Det kjennest så rart med EIN dag som liksom skal vere kvinnene sin.

Dersom denne dagen kunne ha fungert som ein åremålsdag for eitt eller anna oppnådd mål, so hadde eg kanskje sett stordomen i det. Kanskje skulle ein hatt ein "kvinnekomité" som kvart år kom opp med ein ny ting som burde fullførast innan neste kvinnedag? Men samstundes. Er det eigentleg eit poeng? Når eg går omkring i kvardagen, kan eg ikkje seie at eg kjenner meg diskriminert akkurat.. I somme situasjonar er det til og med vanskeleg å unngå å kjenne seg prioritert føre mennene. Så etter å ha teke ei runde med meg sjølv, har eg kome fram til at eg i bunn og grunn kanskje ikkje er så uvettes feministisk av meg. Eg er ikkje den som står framst i demonstrasjonstoget for å fordre kvinnene sine rettar i Noreg. Eg vert nesten irritert på dei som skal vere så feministiske at dei tykkjer det er uriktig å nytte sjarmen til å få påspandert seg ein eller fleire øl eller liknande. Kvifor skal vi ikkje få bruke sjarmen vår til noko? Det er vel ikkje mannsjåvinistisk dersom ein kar har lyst til å spandere? Det heile vert liksom så bakvendt: Dersom du er feminist skal du ikkje ha lov til å gjere feminine ting. HÆ? Er ikkje poenget at det nettop skal vere greit og akseptert å gjere feminine ting? Eg kjenner meg ikkje mindre respektert sjølv om eg får ein gratis øl.

Eg vert også irritert dersom eg høyrer dei som hevdar at det ikkje er respektert at kvinner gjer mannsjobbar. TEIT! Eg jobbar kvar somar som vaktmeister og gjer veldig maskuline ting som å køyre traktor og snekre. Eg kjenner meg ikkje mindre respektert for dette, eller sett på som dårlegare arbeidskraft enn ein mann i dette yrket. Grunnen til dette er jø sjølvsagt at eg kan å køyre traktor og snekre. Det hadde vore noko anna dersom eg ikkje hadde kunna dette. Men då er det jo teit å på død og liv skulle gjere dette. Det er jo det same som å setje ein mann til å gjere noko han absolutt ikkje kan. Like meinigslaust som det skulle vere dersom du ein dag bestemte deg for å setje meg til å gjere typiske kvinneting som handarbeid, noko eg ikkje kan i det heile teke. Det ville vere vekkasta tid. Så eg tykkjer det er meiningslaust med dei som på død og liv skal ha kvinner inn i mannsyrke. Det er greit, ein må jo sjølvsagt ha høvet til å freiste ein mannsjobb, men dersom ein ikkje får det til, er det vel ganske idiotisk å skulle vere i dette yrket, men sakke arbeidseffektiviteten, berre for å stå på krava?

Eg tykkjer i det heile teke at det er litt for mykje usakleg feminisme der ute. Greit nok; det finst land som verkeleg har behov for kvinnekamp; som til dømes Iran, der eit kvinneliv er halvda av verdet til eit mannsliv. DÅ er det sakleg å tale om kvinnefrigjering. Men å skulle stå i Noreg i 2007 å hevde same rettane som ein gjorde på 60-talet er tilnærma kvinnesjåvinistisk. No er eg fullstendig klar over at dette eigentleg ikkje gjeld den moderne feminismen; men tru meg, det finst dei som sneversynt nektar å innsjå at dersom ein ser moglegheitene, så har vi faktisk så godt som likestilling i Noreg, samanlikna med andre land. Eg såg faktisk ein leiar i ei avis i dag, der ein av landets framste samfunnsforskarar la fram eit interessant synspunkt. Ho meinte at nøkkelen til fullstendig likestilling i arbeidslivet berre kunne verte oppnådd dersom ein fekk full likestilling i heimen. Med dette meinte ho å respektere mennene på heimebane. At dei i staden for fire veker finansiert fødselspermisjon burde dele dei 48 vekene kvinnene har med kvinna. Altso 22 veker. Med andre ord ville mennene få ei unik innsikt i livet som heimeverande, samstundes som at kvinnene vart respekterte på lik line med mennene på arbeidsmarknaden, fordi det loddet som kvinner har hatt ved risikoen for at dei må ta pause frå arbeidet pga fødsel ikkje er større enn hjå mennene. LURT! Så eg antek det eigentleg er på tide å leggje ned fanene og innsjå at kvinnedagen kanskje er litt utdatert? Eg berre spør.

8 kommentarer:

Steffen sa...

Eit glitrande innlegg og eit flott innslag i likestillingsdebatten. Eg er samd i det meste du dreg opp her, og sjølv om det er rart at kvinnene får EIN dag (til liks med at dei fekk EITT år eingong på 70-talet, 73 va det vel) so trengst det likevel for å minne oss om at, om ikkje her til lands, så ute i verda, er det sterkt behov for likestilling. Iran er eit godt døme, til liks med Saudi-Arabia samt mange andre land.

Likestilling er bra, men sidan kvinna no eingong er høgdepunktet i skapinga, so syns eg vi menn bør gjere vårt aller ytste for å setje pris på nettopp dette. Ikkje slik at kvinna på den måten skal vere underlagt mannen, eller omvendt, men at dei to skal ha gjensidig begeistring og aksept for sin stad i kosmos. Litt gentlemen bør vi få lov å vere, tykkjer eg.

Marièl sa...

DET TYKKJER EG OG!!!! takk for stønaden, forresten!

Steffen sa...

Som sagt, lyt jo vere gentleman, i alle fall tilnærma lik.

Lese mitt 8.mars-innlegg forresten?

Unknown sa...

ok. Ikkje at eg eigentleg er ueinig med deg som feminist. men punkta som eg snakka om er viktige ting, eg hatar å vere redd når eg går heim.

dessutan må jenter gå i seg sjølv òg, uord som hore og fitte er ikkje like gale for gutane. Grusomt er det.
Men jenter er som sagt verdsmeistrarar til å dra kvarandre ned i dritten, då eg gjekk frå teateret i stad var det ei jente som skreik "JÆVLA STYGT SKJØRT!" etter meg. Og det er typisk!

Men det er i mange land at feminisme er mykje viktigare.

Ein ting til eg må tilføye, sidan eg er kvinnedagstilhenger, er at man er SJUK i haudet om kvinner ikkje kan ha mannsyrker, problemet ligg i at dei såkalte kvinneyrkene er så dårleg betalt.

Og eg sjarmerar gjerne for ei øl. :) Billegast det, eg er tross alt student.

Forresten veldig bra innlegg, lell!

Gunnhild sa...

Mariel. Du veit at vi er grunnleggande ueinige paa dette omraadet, saa eg skal la vaere aa kommentere. MEN, du spraakmektige: Du blandar orda feminint og feministisk i hytt og pine, og det er ikkje det same. Eg er feminist, for kvinnedagen og eg elskar aa lese Elle - ingen motsetnader mellom desse.

Og som Isabel ogsaa paapeikar. I norsk skala er det storste likestillingsproblemet det som gaar paa seksualitet og paa det mentale plan. Og det maa jenter, like mykje som gutar, ta innover seg. Eg brukar aldri orda fitte eller hore og det synes eg ikkje andre burde heller. Daa hadde vi vore eit steg i riktig retning.

Unknown sa...

Eg trur faktisk eit av problema i Noreg er at dei fleste blandar dei to begrepa.
Og setter dei opp mot kvarandre.

Unknown sa...

Hehe.. Og eg vart kje sint altså. :) Blir berre litt sånn når eg er engasjert.
(PS. Gunhild; eg har akkurat innsett, etter å ha høyrd meg sjølv på opptak, at når eg diskuterar så høyres eg heilt ut som Heidi Grande Røys.)

Så, no hard feelings, det eg skulle sei. Då blir det litt sånn. Va kje sint på deg altså, blir berre litt sint på menn.

Unknown sa...

og jenter som behandlar kvarandre som dritt.